Semesters
IFL104 Treningslære
Emnet er samansett av desse kursa:
Kurs 1. Bevegelseslære 2
- Teknikk og bevegelsesanalyse av spesifikke idrettar
- Prosjektarbeid; ei mekanisk organisk analyse av ei sjølvvald rørsle i kroppsøving/idrett
Kurs 2. Fysiologi og treningslære
- Fysiologi med tanke på arbeidskapasitet og trening
- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag
- Idrettsskadar
- Doping
Kurs 3. Praktisk treningslære
- Bruk av enkelt test- og registreringsutstyr
- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag
Kurs 4. Ballspel
- Innføring i ballspela volleyball, handball, fotball og basketball der ein øver grunnleggjande tekniske og taktiske dugleikar, praktisk metodiske innlæringsmoment, fagdidaktikk, tilrettelegging for ulike aldersgrupper, tillempingar for skulebruk, normer og reglar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter å ha fullført emnet skal studentane ha kunnskap om:
- grunnleggjande bevegelsesanalyse knytt til spesifikke idrettar og rørsle i kroppsøving/idrett
- prestasjonsutvikling og praktisk treningslære i idrett/kroppsøving
- bruk av enkelt test- og registreringsutstyr (IKT)
- idrettsskadar og doping
- den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i dei praktiske aktivitetane i kurs 3 og 4
- gjeldande spelereglar for ballspela i kurs 4
- å planlegge, legge til rette for og gjennomføre praktisk metodisk opplegg i utvalde aktivitetar
Etter å ha fullført emnet skal studentane ha ferdigheiter i:
- å planleggje, gjennomføre og leggje til rette for læring i dei ulike ballspela( i kurs 4) for ulike aldersgrupper
- å tillempe aktivitetar, øvinga og reglar for å leggje til rette for ulike læringssituasjonar i ballspela i kurs 4
- å kunne legge til rette for prestasjonsutvikling i idrett
- å analysere og forstå ulike teknikkar i idrett- grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa
- kan leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, praktisk treningslære, ballspel og tidsaktuelle rørsleformer.
- kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, og læringsfremjande tilbakemelding
Etter å ha fullført emnet skal studentane ha generell kompetanse til å:
- å vurdere analytisk ulike rørslemiljø- grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne
- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving/organisert idrett og treningslære og bevegelseslære
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar
Ein varierer mellom gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i sal, baner og nærmiljø, og bruker varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.
Frammøte:
Kurs 1: Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking knytt til undervisning, rettleiing og framføring i høve prosjektarbeidet 1.
Kurs 3: Krav om 80% frammøte
Kurs 4: Ballspel: der ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Arbeidskrav:
- Godkjent prosjektarbeidet i grupper i kurs 1, 20 minutt pr. gruppe til framføring av prosjektet
- Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
- Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
- Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
- Godkjent idrettsteoriprøve/ oppgåve i kurs 4
- Godkjent praktisk-metodiske oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 4 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk-metodisk opplegg der dei underviser medstudentar. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningsline for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Materialpengar: 200 kr.
- Bachelor in Sports Education
- Sports/physical education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 1: Bevegelseslære 2. Digital eksamen. | ||
Written Exam | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kurs 2: Treningslære. Digital eksamen. |