Semesters

IFL104 Treningslære

Course code: 
IFL104
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
IFL101 Motorisk læring
Required prerequisite knowledge

IFL 101

Course content

Emnet er samansett av desse kursa: 

Kurs 1. Bevegelseslære 2

- Teknikk og bevegelsesanalyse av spesifikke idrettar

- Prosjektarbeid; ei mekanisk organisk analyse av ei sjølvvald rørsle i kroppsøving/idrett 

Kurs 2. Fysiologi og treningslære

- Fysiologi med tanke på arbeidskapasitet og trening

- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag

- Idrettsskadar

- Doping 

Kurs 3. Praktisk treningslære  

- Bruk av enkelt test- og registreringsutstyr

- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag 

Kurs 4. Ballspel

- Innføring i ballspela volleyball, handball, fotball og basketball der ein øver grunnleggjande tekniske og taktiske dugleikar, praktisk metodiske innlæringsmoment, fagdidaktikk, tilrettelegging for ulike aldersgrupper, tillempingar for skulebruk, normer og reglar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Etter å ha fullført emnet har studentane kunnskap om:

  • grunnleggjande bevegelsesanalyse knytt til spesifikke idrettar og rørsle i kroppsøving/idrett
  • prestasjonsutvikling og praktisk treningslære i idrett/kroppsøving
  • bruk av enkelt test- og registreringsutstyr (IKT)
  • idrettsskadar og doping
  • den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i dei praktiske aktivitetane i kurs 3 og 4
  • gjeldande spelereglar for ballspela i kurs 4
  • å planlegge, legge til rette for og gjennomføre praktisk metodisk opplegg i utvalde aktivitetar 
Learning outcome skills

Etter å ha fullført emnet har studentane ferdigheiter i:

  • å planleggje, gjennomføre og leggje til rette for læring i dei ulike ballspela( i kurs 4) for ulike aldersgrupper
  • å tillempe aktivitetar, øvinga og reglar for å leggje til rette for ulike læringssituasjonar i ballspela i kurs 4
  • å kunne legge til rette for prestasjonsutvikling i idrett
  • å analysere og forstå ulike teknikkar i idrett- grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa
  • kan leggje til rette for og leie læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, praktisk treningslære, ballspel og tidsaktuelle rørsleformer
  • kan vurdere elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, og læringsfremjande tilbakemelding
Learning outcome qualification

Etter å ha fullført emnet har studentane generell kompetanse til å:

  • å vurdere analytisk ulike rørslemiljø- grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne
  • kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
  • kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving/organisert idrett og treningslære og bevegelseslære  
  • kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar
Working and learning activities

Ein varierer mellom gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i sal, baner og nærmiljø, og bruker varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Canvas i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.

Assessment requirements

Frammøte:

Kurs 1: Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking knytt til undervisning, rettleiing og framføring i høve prosjektarbeidet 1. 

Kurs 2 og 3: Krav om 80% frammøte.

Kurs 4: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

 

Arbeidskrav:

  • Godkjent prosjektarbeidet i grupper i kurs 1, 20 minutt pr. gruppe til framføring av prosjektet
  • Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
  • Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
  • Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
  • Godkjent praktisk-metodiske oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 4 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk-metodisk opplegg der dei underviser medstudentar
  • Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningslinjer for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart
  • Godkjent idrettsteoriprøve i kurs 4

 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
55
Person in charge: 
Elisabeth Innselset
Expenses

Materialpengar: 200 kr.

Used in other programs
  • Bachelor in Sports Education
  • Sports/physical education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Kurs 1: Bevegelseslære. Digital eksamen.
Written Exam
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Kurs 2: Treningslære. Digital eksamen.
Approval signature: 
Aud Folkestad