Semesters
IKF104 Motorisk læring
Ingen.
Emnet er ei innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten, og gir ei grunnleggjande innføring i ulike perspektiv på motorikk og motorisk kompetanse i ein pedagogisk samanheng.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i aktivitetane symjing, sjølvberging, livberging, leik, ballspel og alternative aktivitetar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om betydninga av spennings- og risikofylt leik for barn og unge si utvikling og læring
- har kunnskap om omgjevnadane si betydning for læring av rørsler
- har grunnleggjande kunnskap om observasjon av motorikk i ein pedagogisk samanheng
- har kunnskap om grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge
- han kunnskap om føresetnader for motorisk læring på bakgrunn av vekst og utvikling
- har kunnskap om bruk av digital teknologi i idrett og kroppsøving som motivasjon for læring
- har kunnskap om symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
- har kunnskap om reglar og speleprinsipp i utvalde ballspel/aktivitetar
- har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
- kan observere barn og unges motorikk i ein pedagogisk samanheng
- kan utforske eigne kroppslege uttrykk, leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt
- kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar som ballspel, symjing og livberging med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon
- kan gi opplæring i symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp, livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
- kan utføre livbergande førstehjelp og sjøvbergingberging i vatn
- kan gi opplæring om reglar og speleprinsipp i utvalde og alternative ballspel/aktivitetar
- kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Studenten:
- kan analytisk vurdere og kommunisere om rørsleaktivitetar og ulike rørslemiljø
- kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i kroppsøving og idrett
- kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar/idrettslærar
Ein vil variere mellom praktisk undervisning, forelesingar, seminar, digitalt læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning vil i hovudsak foregå i basseng, ute, i nærmiljø og i sal.
Ved digital undervisning vert det stilt krav om aktiv deltaking.
Canvas vert nytta til innlevering og kommunikasjon.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Motorisk læring
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:
Kurs 2: Symjing, sjølvberging og livberging
Kurs 3: Leik, ballspel og alternative aktivitetar
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2.
Kurs 3: Krav om 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
Godkjent arbeidskrav i grupper i kurs 1
Godkjente innleveringar i kurs 2 og 3.
Livbergingsprøve.
Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
200 kr.
- Physical Education - bachelor
- Sports/physical education - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Kurs 1: Motorisk læring |