Semesters
IKF104 Motorisk læring
Ingen.
Emnet er ei innføring i det å vere kroppsøvingslærar eller trenar innan idretten, og gir ei grunnleggjande innføring i fagområdet motorikk, grunnleggjande innføring i observasjon og analyse av barn sin motorikk i ulike rørslemiljø.
Ein vil også rette fokus på betydinga av allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit.
Dei praktiske kursa i emnet er i hovudsak arbeid med didaktiske problemstillingar og fagleg kunnskap knytt til tilrettelegging for læring og utvikling for ulike grupper i aktivitetane symjing, sjølvberging, livberging og ballspel (basketball, handball og fotball).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
har kunnskap om leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet hjå barn og unge
har kunnskap om allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, aktivitet og friluftsliv i skule og fritid
har kunnskap om korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til barn i ulike rørslemijø
har kunnskap om grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge
han kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling
har kunnskap om kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barne- og ungdomskultur
- har kunnskap om bruk av digital teknologi i idrett og kroppsøving som motivasjon for læring
har kunnskap om symjeopplæring, sjølvberging, livreddande førstehjelp og livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
har kunnskap om reglar og speleprinsipp i ballspela basketball, handball og fotball
har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
kan utforske eigne kroppslege uttrykk, leie og gjennomføre skapande prosessar der rørsleglede og refleksjon er sentralt
kan utvikle og utforske eigne dugleikar og kunnskapar i varierte rørsleaktivitetar som ballspel, symjing og livberging med tanke på opplæring og undervisning/instruksjon
kan gi opplæring i symjing, sjølvberging, livreddande førstehjelp, livberging i vatn og trygg ferdsel på, i og ved vatn ute i naturen
kan utføre livbergande førstehjelp og sjøvbergingberging i vatn
kan gi opplæring om reglar og speleprinsipp i ballspela basketball, handball og fotball
kan identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
Studenten:
kan analytisk vurdere og kommunisere om rørsleaktivitetar og ulike rørslemiljø
kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i kroppsøving og idrett
kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet som trenar og kroppsøvingslærar/idrettslærar
Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, nettbasert læringsarbeid, gruppe- og individuelt arbeid. Undervisning i symjing, sjølvberging, livberging, livbergande førstehjelp og ballspel vil i hovudsak foregå i basseng, ute, i nærmiljø, i sal og på stadion.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Motorisk læring
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving og idrett:
Kurs 2: Symjing, sjølvberging og livberging
Kurs 3: Ballspel (basketball, handball og fotball)
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1 og 2.
Kurs 3: Ballspel: Ein krev 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.
Obligatorisk undervisning kjem fram av kvar einskild kursplan.
Arbeidskrav:
Kurs 1: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av ulike rørslemiljø. Skriftleg innlevering i grupper. Omfang på rapport: ca. 1500 ord.
Kurs 1: Samarbeid med praksisfeltet. Observasjon av barn/ungdom i leik og fysisk aktivitet. Skriftleg individuell innlevering. Refleksjonsnotatet har eit omfang på ca. 500 ord.
Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 2 og 3.
Godkjent livbergingsprøve i basseng.
Godkjente praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
200 kr
- Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
- Physical Education - bachelor
- Sports/physical education - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 29 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Kurs 1: Motorisk læring | Alle hjelpemiddel tillatt | 1500-2000 ord |