Semesters
IKF209 Bacheloroppgåve - Guideprodukt
Studentane skal levere eit utviklingsarbeid der dei har utvikla og ferdigstilt eit naturbasert guide- / opplevelsesprodukt i tråd med prosjektskissa og med fokus på kva studiet tar opp.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskapar om guiden sin rolle i naturbasert reiseliv.
- har kunnskapar om dei elementa eit naturbasert reiselivsprodukt må innehalde for å oppfylle krava for ein godkjend turoperatør.
- har kunnskap om rammeverket for å kunne gjennomføre praktisk guidearbeid i tråd med relevante nasjonale og internasjonale standardar knytt til naturguiding.
Studenten
- kan bruke kunnskapar, innsikter og erfaringar frå guideoppgåver i studiet, praksis og studieferd til å utvikle eit guideprodukt.
- kan utvikle eit produkt relevant for naturguider der ein kartlegg og skildrar heile produktet med transport, overnatting, bevertning, guida tur i valt område, vurderingar av tryggleiken og miljøhensyn. Det skal leggjast særleg vekt på sjølve guidearbeidet. Målgruppa skal vere definert.
- Presentere og vurdere resultat av utviklingsarbeid
Studenten
- Analysere og kritisk reflektere over naturbaserte guide- / opplevelsesprodukt
- kan reflektere over yrkesmessige, juridiske og etiske sider ved rolla som naturguide
- kan bidra med erfaringar, innsikt og synspunkt for å utvikle gode og ansvarlege produkt innan naturguiding
Bacheloroppgåva er i hovudsak basert på sjølvstendig arbeid under rettleiing av bachelorveileder. Fellesøkter vil veksle mellom framleggingar, drøftingar i plenum og eigenstudium. Dette kan vere både med fysisk oppmøte og digitalt.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør forskrift om opptak, studium og eksamen. Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane av studiet.
Arbeidskrav
- Tema for oppgåva og skisse av guideproduktet skal innleverast innan fastsett tid i semesterplanen.
- Gjennomført munnleg framlegging av tema og skisse av guideproduktet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Outdoor Life Education and Nature Guiding - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Assignment | Individual or Group exam | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Alle | 1. Skriftleg oppgåve. Omfang på 6000 - 12 000 ord. Linjeavstand 1,5 i Times New Roman, 12 pkt font. Ev. tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg. 2. Munnleg presentasjon av oppgaven. 30 min til presentasjonen (valgfrie hjelpemidler) + 15 minutt til utspørring. Ved munnleg presentasjon leveres skriftlig materiale («manus») på 3000 - 6000 ord til sensorkommisjonen til avtalt tid. Ev. tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg. |
Som alternativ til skriftleg oppgåve (alternativ 1.) kan studentane velje munnleg presentasjon (alternativ 2).
Ev gruppa skal velge samme vurderingsform (alternativ 1. eller 2.). Karakter er felles. Ved munnleg presentasjon som vurderingsform skal heile gruppa være tilstades og delta aktivt i fremleggingen.