Semesters
IKF209 Bacheloroppgåve - prosjekt og praksis
Godkjente arbeidskrav i IKF208 Naturguiding i vinterlandskap.
Studentane skal levere eit utviklingsarbeid, der dei har utvika og ferdigstilt eit guideprodukt i tråd med prosjektskissa, samt skaffe seg innsikt og erfaring med naturguiding som profesjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskapar om guiden si rolle i naturbasert reiseliv.
- har kunnskapar om dei elementa, som eit naturbasert reiselivsprodukt må innehalde, for å oppfylle krava for ein godkjend turoperatør.
- har kunnskapar om rammeverket for å kunne gjennomføre praktisk naturguidearbeid etter profesjonsstandarden for naturguidar.
Studenten
- kan utvikle eit guida reiselivsprodukt , der ein kartlegg og skildrar heile produktet med transport, overnatting, bevertning, guida tur i valt område, vurderingar av tryggleiken og eventuelle restriksjonar i området. Det skal leggjast særleg vekt på sjølve guidearbeidet. Målgruppe skal vere definert.
- kan bruke kunnskapar, innsikter og erfaringar frå mindre guideoppgåver i studiet til å gjennomføre guideoppdrag under ekstern praksis i samråd med faglærar og ein godkjend turoperatør.
Studenten
- kan reflektere over yrkesmessige, juridiske og etiske sider ved naturguiderolla.
- kan bidra med erfaringar, innsikt og synspunkt for å utvikle god og ansvarleg praksis innan naturguiding.
Studiet vil veksle mellom forelesingar, drøftingar i plenum, seminar, framleggingar, praksis og eigenstudium.
Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane ute vil danne grunnlag for drøftingar, refleksjonar og læring.
Studentane får tilbod om rettleiing til arbeidet med prosjektoppgåva. I løpet av emnet skal studentane gjennomføre studieferd/ekstern praksis.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).
Semesterplanen viser omfanget av dei obligatoriske delane av studiet.
Arbeidskrav
- Gjennomført munnleg framlegging av tema for prosjektoppgåva.
- Levert rettleiingsdokument til prosjektoppgåva. Avtalt tid for rettleiing med faglærar.
- Levert plan for studieferd/praksis.
- Gjennomført munnleg framlegging av erfaringar frå studieferd/praksis.
- Godkjent rapport etter studieferd/praksis, omlag 2500 ord.
- Delteke i gjennomføringa av praksisprosjektet Nordic Spring Adventure.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Omlag 5000 ord. |