Semesters

IPA111 Samfunnskunnskap

Course code: 
IPA111
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Samfunnskunnskap
Teaching semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Samfunnskunnskap
Assessment semester: 
2019 Autumn
2020 Spring
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling i ein lokal og regional kontekst. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema retta mot:

  • sosiologi
  • miljø og samfunn
  • samfunnsøkonomi
  • regionaløkonomi
  • næringsøkonomi 
  • globale utfordringar 
  • lokalsamfunn og nærmiljø
  • samfunnsvitskapleg metode

Emnet er obligatorisk og går parallelt med Forvaltningskunnskap gjennom haust- og vårsemesteret.

Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og samfunnsvitskapleg metode vil studentane her få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av, sentrale tema og problemstillingar knytt til fagområda samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi.

Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • analysere og forstå grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • formidle og gjere bruk av samfunnsvitskapleg kunnskap og terminologi for å analysere generelle samfunnsforhold
  • vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Working and learning activities

Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Canvas) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar. 

Assessment requirements

Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen

1. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.

2. Gjennomføre ei kort, skriftleg prøve frå pensum med godkjent resultat, eller ha minimum 80% frammøte til den undervisninga som står på planen, kvart semester. Undervisninga i haust- og vårsemesteret blir rekna kvar for seg. Gjennomføring av dei to pensumprøvene er lagt til slutten av kvart semester. Pensumprøva for vårsemesteret 2020 gjekk ut som følgje av koronapandemien denne våren.

3. Obligatorisk deltaking på Tverrfagleg veke i Universell utforming. I særskilde høve kan det avtalast alternative opplegg.

4. Obligatorisk deltaking i eit større tverrfagleg prosjektarbeid i form av ei lokalsamfunnsanalyse. Dette omfattar også kurs i metode. Ved særskilde høve kan det gjerast avtale om alternativt opplegg. Våren 2020 vart lokalsamfunnsanalysen gjennomført som individuelt opplegg på 2000 ord. I tillegg eit individuelt refleksjonsnotat på 500 ord.

5. Kvar student skal utarbeide eit individuelt refleksjonsnotat (ca 800 ord) innan ei veke etter lokalsamfunnsanalysen. Dette kravet gjekk ut grunna koronaepidemien våren 2020.

Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
55
Person in charge: 
Grethe Mattland Olsen
Used in other programs
  • Planning and administration - bachelor
  • Social Science - year course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Digital eksamen. Eksamen i haustsemesteret
Home exam
Individual
7 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
50
Digital eksamen. Eksamen i vårsemesteret
Alle
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 27.02.19