Semesters
IPA111 Samfunnskunnskap
Ingen
Emnet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege tema, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling i ein lokal og regional kontekst. Innhaldet i emnet spenner vidt, med ei orientering meir i breidde enn i djupne. Undervisninga er innhaldsmessig bygd opp rundt tverrfaglege samfunnsvitskaplege tema innanfor:
- sosiologi
- miljø og samfunn
- samfunnsøkonomi
- regionaløkonomi
- næringsøkonomi
- globale utfordringar
- lokalsamfunn og nærmiljø
- samfunnsvitskapleg metode
Emnet er obligatorisk og går parallelt med Forvaltningskunnskap (IPA112) gjennom haust- og vårsemesteret.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er ein deleksamen i emnet. Med utgangspunkt i aktuell teori og samfunnsvitskapleg metode vil studentane få øving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid, som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om, og forståing av, sentrale tema og problemstillingar i fagområda samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi.
Studenten skal kunne
- analysere og forstå grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og bruke desse på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- formidle og bruke samfunnsvitskapleg kunnskap og terminologi for å analysere generelle samfunnsforhold
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen kan dette bli gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og eventuelle ekskursjonar. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane skal bruke tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.
Dersom det obligatoriske prosjektarbeidet Lokalsamfunnsanalyse vert gjennomført digitalt (t.d. via Zoom), vert det stilt krav om at kamera og lyd skal vere på under metodeundervisninga og i førebuingane til prosjektarbeidet. Dette for å sikre at studenten er orientert om fagleg og praktisk innhald i prosjektarbeidet. Like eins vert det stilt krav om at kamera og lyd skal vere på under gruppearbeid for å sikre at studenten bidreg aktivt i diskusjonar og framstilling av prosjektrapportar. Til sist vert det stilt krav om at kamera og lyd skal vere på når prosjektrapporten skal leggast fram i plenum. Dette i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt. Behovet må grunngjevast.
Alle arbeidskrav må vere godkjende for å gå opp til eksamen
1. All ordinær undervising i emnet er obligatorisk. Obligatorisk inneber minimum 80 % frammøte/deltaking til undervising. Sjå "Forskrift om studium og eksamen ved HiVolda" § 4-6 og "Retningsliner for frammøte og fråvær i utdanningar med obligatorisk frammøte".
2. Obligatorisk deltaking/frammøte i eit større tverrfagleg prosjektarbeid i form av ein lokalsamfunnsanalyse i vårsemesteret. Gruppearbeidet munnar ut i ein prosjektrapport og presentasjon av arbeidet. Begge delar må vere godkjende. Ved særskilde høve kan det gjerast avtale om alternativt opplegg.
3. To heimeoppgåver, kvar på 2000 ord, ei i kvart semester. Det blir gitt tilbod om rettleiing.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Planning and administration - bachelor
- Social Science - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Tverrfagleg skriftleg eksamen i haustsemesteret | ||
Home exam | Individual | 7 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Tverrfagleg hjemmeeksamen i vårsemesteret | Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av tre individuelle eksamenar. | |
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 20 | Munnleg eksamen knytt til Lokalsamfunnsanalysen. Eksamen i vårsemesteret |