Semesters
IPA173 Innføring i arealplanlegging og GIS (Geografiske Informasjonssystem)
Emnet er todelt og skal gi ei innføring og eit oversyn over arealplanlegging etter Plan- og bygningslova på kommunalt og regionalt nivå, og ei innføring i GIS både teoretisk og metodisk med fokus på GIS som planverkty.
Emnet skal etablere ei forståing for Plan- og bygningsloven som planverkty, og knyte dette til praktisk arealplanlegging. Sentralt i emnet er ei fordjuping i arealplansystemet med plantypar, planprosessen og medverknad, generelle utgreiingskrav og føringar for arealplanlegging. Emnet har fokus på overordna arealplanlegging og tek føre seg sentrale arealplandokument; Planprogram, planomtale og føresegner, plankart med arealføremål, og konsekvensutgreiing og ROS-analyse. Planleggaren si rolle vert diskutert. Emnet vil også gi ein innføring i rettsverknaden av arealplanar.
Praktisk og teoretisk kjennskap til GIS er ein føresetnad for å legge til rette for gode arealplanprosessar og for å kommuniserer godt med dei mange aktørane i planprosessen. Studentane skal difor også presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS- som planverktøy representerer. Gis-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS.
Emnet vil i størst mogleg grad bruke konkrete arealplanar og arealplanprosessar i undervisninga, og slik halde eit praksisnært fokus. Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide (og samarbeide) i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert masterstudium ved annan institusjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Kunnskap om innhaldet i plankart og plandokument, og rettsverknader av planar
- Inngåande kunnskap om medverknad i arealplanarbeidet.
- Kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS) som eit viktig verktøy for arealplanlegging.
- Grunnleggande kunnskapar om geografiske data og kartografi
- Teoretisk og metodisk kjennskap til GIS i eit medverknadsperspektiv.
Kandidaten skal kunne:
- Medverke i, og legge til rette for planprosessar på overordna nivå (kommuneplanen sin arealdel/kommunedelplan)
- Gjere bruk av styrande dokument i arealplanarbeidet
- Hente inn og samanstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy
- Arbeide fram enkle kart til publikasjon/saksgrunnlag
Studenten har innsikt i arbeid med (og samarbeid om) arealplanfaglege oppgåver knytt til oversiktsplanlegging i kommunal sektor.
Undervisinga i emnet går over eit semester. I tillegg til førelesingar vert det gitt rettleiing i samband med øvingar. Arbeidskrava vert utforma som øvingar som skal løysast individuelt eller i grupper (seminar)
Frammøtekrav: Emnet har krav om frammøte i minimum 80% av undervisningstida.
Arbeidskrav: Tre øvingar må vere godkjende for å få gå opp til eksamen. Desse tre utgjer ei arbeidsmappe som tel 40% av samla karakter
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Planning and administration - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | |||
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 |