Semesters

IPA173 Innføring i arealplanlegging og GIS (Geografiske Informasjonssystem)

Course code: 
IPA173
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet skal gi ei innføring og eit oversyn over arealplanlegging etter plan- og bygningsloven på kommunalt og regionalt nivå, og ei innføring i GIS både teoretisk og metodisk med fokus på GIS som planverktøy. 

Emnet skal etablere ei forståing for plan- og bygningsloven som planverktøy, og knyte dette til praktisk arealplanlegging. Sentralt i emnet er ei fordjuping i arealplansystemet med plantypar, planprosess, medverknad, generelle utgreiingskrav og føringar for arealplanlegging. Emnet tek føre seg sentrale arealplandokument; Planprogram, planomtale, føresegner og plankart med arealføremål. Planleggaren si rolle vert diskutert. Emnet vil også gi ei innføring i rettsverknaden av arealplanar. 

Studentane skal presenterast for dei moglegheitene og utfordringane GIS som planverktøy representerer. GIS-undervisninga vil bli organisert rundt praktiske øvingar, der studentane får metodisk erfaring med enkel bruk av GIS. 

Emnet vil i størst mogleg grad bruke konkrete arealplanar og arealplanprosessar i undervisninga, og på den måten vere praksisnært. Emnet gir ein god basis for dei som skal arbeide (og samarbeide) i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal utvikle 

  • Kunnskap om ulike plandokument og rettsverknaden av planar 

  • Kunnskap om føringar og krav i planlegginga 

  • Grunnleggande kunnskapar om geografiske data og kartografi 

  • Grunnleggande kunnskap om geografiske informasjonssystem (GIS) som eit viktig verktøy i arealplanlegging 

Learning outcome skills

Studenten skal øve opp 

  • Ferdigheiter i å skilje mellom ulike plandokument, og føringar og krav som gjeld arealplanlegging, og forklare samanhengen mellom desse 

  • Ferdigheiter i å hente inn og samanstille geografiske data ved hjelp av eit GIS-verktøy 

  • Ferdigheiter i å arbeide fram enkle kart til publikasjon / saksgrunnlag 

Learning outcome qualification

Studenten skal utvikle innsikt i arealplanfaglege oppgåver etter plan- og bygningsloven, og GIS som verktøy for arealplanlegging.

Working and learning activities

Undervisinga i emnet går over eit semester. Undervisinga er sett saman av førelesningar, nettleksjonar og studentaktive læringsformer Det vert det gitt rettleiing i samband med øvingar og utarbeiding av arbeidskrav. 

Assessment requirements
  1. Arbeidskrav: Tre arbeidskrav må vere leverte til rettleiing i løpet av semesteret, for å få gå opp til eksamen. Kvart av desse arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid, og ein tekst på omlag 1200 ord +/- 10%. Arbeidskrava skal løysast individuelt.
  2. Fagrelevant seminar: Obligatorisk deltaking på eit fagrelevant seminar. I særskilde høve kan det avtalast eit kompensatorisk arbeidskrav.
Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Kjersti Straume
Used in other programs
  • Planning and administration - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Tre arbeidskrav skal leverast til mappeeksamen saman med ein presentasjonstekst på 800-1000 ord.
Kvart av arbeidskrava skal innehalde eit kartarbeid og vere på omlag 1200 ord +/- 10%
Approval signature: 
Randi Bergem 25.02.2021