Semesters
IPA210A Bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon: Fordjuping i regionalt utviklingsarbeid
IPA111 og IPA112 eller tilsvarande
IPA202 og IPA213 eller tilsvarande
60 stp valfrie emne
Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve over ei sjølvvald problemstilling. Eit naturleg utgangspunkt for val av tema for bacheloroppgåva vil vere tidlegare gjennomgått fagstoff i bachelorstudiet i planlegging og administrasjon.
Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Oppgåva skal skrivast individuelt. Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg forfattarskap/rapportering. Oppgåva skal vere mellom 9000 til 10 000 ord (vedlegg ikkje medrekna).
Det vert lagt vekt på metodiske kunnskapar og ferdigheiter, kunnskap knytt til innsamling av eigne data, refleksjon og kritisk drøfting av teori og empiri. Eit eige metodeseminar vert halde som ein integrert del av emnet. Metodeseminaret bygger m.a. på metodeundervisninga frå IPA111/IPA112.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om og forståing av teori og forskingsmetodar knytt til oppgåveskriving. I dette ligg det at:
- Studenten kan utvikle ei problemstilling i samråd med rettleiar.
- Studenten kan avgrense og svare på problemstillinga ved hjelp av relevant teori, litteratur og gjennom innsamling, analyse og drøfting av eigne data.
- Studenten kan utforme oppgåva i samsvar med reglar og rettningsliner for vitskapleg arbeid.
Studentane har ferdigheiter knytt til å:
- Formulere og avgrense eit tema og ei problemstilling innan fagområdet planlegging og administrasjon
- Finne fram til og nytte relevante metodar for å svare på problemstillinga
- Finne fram til relevant litteratur og teori
- Samle inn eigne data og analysere desse på ein vitskapleg måte
- Formidle, dokumentere og drøfte sentrale funn
- Meistre sentrale element i akademisk skriving
Studentane kan gjennomføre eit eige forskingsarbeid og reflektere over styrkar og svakheiter knytt til eige forskingsarbeid
Studenten vil på bakgrunn av val av tema og problemstilling for bacheloroppgåva få oppnemnd ein fagrettleiar. Metodeseminaret er laget opp med til saman seks (6) samlingar, og har som mål å gi studentane relevant teoretisk og praktisk kunnskap knytt til dei ulike stega i oppgåveskrivinga. Studentane skal førebu korte innlegg med utgangspunkt i status og utfordringar for eige arbeid til kvar av desse seks (6) samlingane. Ein legg opp til desse trinna i metodeseminaret:
- Orientering om arbeidet med bacheloroppgåva, val av tema og utarbeiding av problemstilling
- Korleis finne fram til og nyttel teori, empiri og metode i oppgåva
- Innsamling av eigne data og utforming av spørreskjema
- Innføring i korleis ein finn fram til og nyttar dei ulike kjeldene for statistikk som ligg på nettet
- Tolking og analyse av datamateriale
- Design og kvalitetssikring av oppgåva i forhold til innhald og oppbygning, referanseteknikkar med meir
Ingen
Studentane vil ha løpande kontakt med oppnemnde fagrettleiarar. Emnet vert elles evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bachelor's thesis | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Alle | Omlag 9 000 - 10 000 ord. | ||
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Oppgåva blir sensurert av ein kommisjon med to medlemmar, og skal forsvarast munnleg for den same kommisjonen. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
Ingen |
Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg eksamen.