Semesters

IPA210A Bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon: Fordjuping i regionalt utviklingsarbeid

Course code: 
IPA210A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Curriculum: 

Grønmo, Sigmund. 2004. rev 2016. Samfunnsvitenskaplige metoder. 2.utgave. Fagbokforlaget

Required prerequisite courses
IPA111 Social studies
IPA112 Administration studies
Required prerequisite knowledge

Godkjente arbeidskrav i IPA202 Lokalsamfunnsplanlegging og utvikling og IPA213 The European Union and Regional development: theories and practice.

I tillegg skal studenten har fullført 60 studiepoeng med valfrie emne.

Course content

Bacheloroppgåva er ei fordjupingsoppgåve over ei sjølvvald problemstilling. Eit naturleg utgangspunkt for val av tema for bacheloroppgåva vil vere tidlegare gjennomgått fagstoff i bachelorstudiet i planlegging og administrasjon.

Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Oppgåva skal skrivast individuelt.  Framstillinga skal vere i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg forfattarskap/rapportering. Oppgåva skal vere mellom 9000 til 10 000 ord (vedlegg ikkje medrekna).

Det vert lagt vekt på metodiske kunnskapar og ferdigheiter, kunnskap knytt til innsamling av eigne data, refleksjon og kritisk drøfting av teori og empiri. Eit eige metodeseminar vert halde som ein integrert del av emnet. Metodeseminaret bygger m.a. på metodeundervisninga frå IPA111/IPA112 og IPA 172.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om og forståing av teori og  forskingsmetodar knytt til oppgåveskriving. I dette ligg det at:

  • Studenten skal kunne utvikle ei problemstilling i samråd med rettleiar.
  • Studenten skal kunne avgrense og svare på problemstillinga ved hjelp av relevant teori, litteratur og gjennom innsamling, analyse og drøfting av  eigne data.
  • Studenten skal kunne utforme oppgåva i samsvar med reglar og retningsliner for vitskapleg arbeid.
Learning outcome skills

Studenten skal ha ferdigheiter knytt til å:

  •         Formulere og avgrense eit tema og ei problemstilling innan fagområdet planlegging og administrasjon
  •         Finne fram til og nytte relevante metodar for å svare på problemstillinga
  •         Finne fram til relevant litteratur og teori
  •         Samle inn eigne data og analysere desse på ein vitskapleg måte
  •         Formidle, dokumentere og drøfte sentrale funn
  •         Meistre sentrale element i akademisk skriving
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne gjennomføre eit eige forskingsarbeid og reflektere over styrkar og svakheiter knytt til eige forskingsarbeid

Working and learning activities

Studenten vil på bakgrunn av val av tema og problemstilling for bacheloroppgåva få oppnemnd ein fagrettleiar. Metodeseminaret er lagt opp med til saman seks (6) samlingar, og har som mål å gi studentane relevant teoretisk og praktisk kunnskap knytt til dei ulike stega i oppgåveskrivinga. Studentane skal førebu korte innlegg med utgangspunkt i status og utfordringar for eige arbeid til kvar av desse seks (6) samlingane, i tillegg skal studenten halde ein meir omfattande presentasjon av delar av oppgåva i løpet av kurset.  Ein legg opp til desse trinna i metodeseminaret:

  • Orientering om arbeidet med bacheloroppgåva, val av tema og utarbeiding av problemstilling
  • Korleis finne fram til og nyttel teori, empiri og metode i oppgåva 
  • Innsamling av eigne data og utforming av spørreskjema
  • Innføring i korleis ein finn fram til og nyttar dei ulike kjeldene for statistikk som ligg på nettet
  • Tolking og analyse av datamateriale
  • Design og kvalitetssikring av oppgåva i forhold til innhald og oppbygning, referanseteknikkar med meir
Assessment requirements

Arbeidskrav som må vere godkjent for å få gå opp til eksamen:

Levere ei sides notat som inneheld tema og forslag til problemstilling for bacheloroppgåva innan 23. januar.

Levere minst ti sider (ca 4000 ord) av oppgåva innan 10. april.

Halde ein presentasjon på 10 minutt  av deler av oppgåva for resten av klassen på eit nærare avtalt tidspunkt.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Grethe Mattland Olsen
Used in other programs
  • Planning and administration - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Bacheloroppgåva skal leverast i Inspera..
Oppgåva får ein førebels karakter som kan bli justert etter munnleg eksamen.
Alle
Omlag 9 000 - 10 000 ord.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Oppgåva blir sensurert av ein kommisjon med to medlemmar, og skal forsvarast munnleg for den same kommisjonen.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
Ingen
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 06.10.18