Semesters
JOU100 Innføringsemne i journalistisk arbeidsteknikk
Kompendium
Studentane må disponere eigen smarttelefon
Studentane får undervisning i bruk av smarttelefon til opptak, redigering og formidling av lyd, video og stillbilete på nett. Gjennom gruppearbeid og individuelle oppgåver får studentane øving i journalistisk formidling med enkle hjelpemiddel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Innsikt i produksjon av digital journalistikk ved bruk av smarttelefon.
- Grunnleggande kunnskap om visuell kommunikasjon.
Kunne bruke smarttelefon med intern og ekstern mikrofon til opptak av lyd.
Kunne gjere opptak av video og redigere video i telefonen.
Kunne forutsjå og fange inn eit situasjonsbilete, arrangere og ta eit gruppebilde og eit formelt portrett; og redigere desse i telefonen.
Kunne publisere lyd, video og stillbilete på nett.
- Kunne bruke smarttelefon som verktøy i medieproduksjon.
Emnet vil strekkje seg over eitt semester og er ein kombinasjon av teori og praksis med forelesingar, workshops og gruppearbeid. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere eigne arbeid gruppevis og/eller i plenum.
Det er obligatorisk deltaking i undervising og produksjon. All undervising er obligatorisk. Alle arbeidskrav i emnet skal vere levert til fristar som er fastsatt i undervisningsplanen. Arbeidskrava kan vere integrert i eller del av arbeidskrav i andre emne. Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | Pass / fail |