Semesters
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
KOH203 Visuell kommunikasjon II
KOH131 og KOH133 eller MID131 og MID112. Eller tilsvarande etter særskild søknad.
Visuell kommunikasjon II er eit valfritt emne i studieprogram Bachelor i Kunst og handverk og er på 200-nivå. Studenten må ha eitt emne på 200-nivå, KOH203 eller KOH204, som del av sin bachelorgrad. Emnet byggjer vidare på det faglege nivået som emnet KOH 131 Visuell kommunikasjon gir, og utviklar djupare innsikt i, og forståing for, visuell kommunikasjon. Det vert lagt vekt på kunnskap om formalestetikk, der form, farge, komposisjon, teikn, typografi og teori knytt til visuell kommunikasjon, er ein viktig del av undervisninga. Gjennom skapande arbeid lærer studenten å bruke det visuelle språket i ulike kommunikasjonsprosessar. Oppgåvene skal gje studentane kunnskap om, og ferdigheiter i, ulike teknikkar og metodar, for å kunne jobbe strategisk med kommunikasjon i ein stadig større mediekvardag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om verkemiddel som form, farge, komposisjon, teikn og typografi
- har kunnskap om ulike reiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med visuell kommunikasjon
- har kunnskap om teikning som visuelt språk
- har kunnskap om ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- har kunnskap om bruk av visuelle verkemiddel i utviklinga av ein visuell identitet
- har kjennskap til etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar
- har kjennskap til visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar
- har kunnskap om visuell språkteori
Studenten:
- kan bruke form, farge, komposisjon, teikn og typografi i eigne skapande prosessar, og kan reflektere kritisk rundt desse
- kan bruke og vurdere ulike reiskapar, materiale og teknikkar i arbeid med visuell kommunikasjon
- kan bruke teikning som visuelt språk
- kan bruke teori knytt til visuell identitet i eigne skapande prosessar
- kan arbeide i ein prosess frå ide til ferdig produkt
- kan vurdere og reflektere rundt etiske problemstillingar knytt til ulike kommunikasjonskanalar
- kan vurdere og reflektere rundt visuell kvalitet knytt til ulike kommunikasjonskanalar
- kan sjå samanhengen mellom visuell språkteori og det praktisk skapande arbeidet
Studenten
- har evne til å bli aktive aktørar og kritiske deltakarar i det offentlege, visuelle rommet
- har evne til å vurdere eigne og andre sine visuelle uttrykk ut frå ein fagleg ståstad
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meinar ein at studentane skal arbeide på ein slik måte at medstudentar og lærar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Arbeidskrav må leggast fram innan fastlagd frist. Utdrag av prosessrapport kan vere del av framlegginga. Skriftleg del innlevert i Canvas til fastsett frist, der oppgåva bed om det.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studentane betaler ei materialavgift på kr 200 til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt basisreiskap, samt utgifter til fargeprint.
- Design, Arts and Crafts - bachelor
- Media, IKT og design - Mediadesign
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |
Ein overordna skriftleg sluttrefleksjon på omlag 1000 ord.
Ei av dei to praktiske oppgåvene inkludert prosessrapport, vert trekt ut for vurdering etter innlevering av mappeeksamen.
Studenten skal ha ein individuell karakter på vitnemålet.