Semesters
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
KOH203 Visuell kommunikasjon II
KOH131 og KOH133. Eller tilsvarande etter særskild søknad.
Visuell kommunikasjon II er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk, og er på 200-nivå. Studenten må ha eitt emne på 200-nivå, KOH203 eller KOH204, som del av sin bachelorgrad.
Emnet byggjer vidare på det faglege nivået som emnet KOH 131 Visuell kommunikasjon gir, og utviklar djupare innsikt i, og forståing for, visuell kommunikasjon. Det vert lagt vekt på kunnskap om formalestetikk, der form, farge, komposisjon, teikn, typografi og teori knytt til visuell kommunikasjon, er ein viktig del av undervisninga. Gjennom skapande arbeid, på to- og tredimensjonale kommunikasjonsflater, lærer studenten å bruke det visuelle språket i ulike kommunikasjonsprosessar. Oppgåvene skal gje studentane kunnskap om, og ferdigheiter i, ulike teknikkar og metodar, for å kunne vurdere og jobbe strategisk med visuell kommunikasjon i ein stadig større mediekvardag. Bruk av digitale verkty står sentralt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om visuelle verkemiddel som form, farge, komposisjon, teikn og typografi
- har kunnskap om teikning som visuelt språk
- har kunnskap om ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess
- har kunnskap om bruk av visuelle verkemiddel i utviklinga av ein visuell identitet
- har kunnskap om prosessrapport og det å presentere eige arbeid for andre
- har kunnskap om visuell språkteori.
Studenten:
- kan bruke form, farge, komposisjon, teikn og typografi i eigne skapande prosessar, og reflektere kritisk rundt dette
- kan bruke teikning for å visualisere og kommunisere ulike idear
- kan bruke og reflektere rundt teori knytt til visuell identitet i eigne skapande prosessar
- kan arbeide i ein prosess frå ide til ferdig produkt og presentere denne på ein tydeleg og informativ måte
- kan sjå samanhengen mellom visuell språkteori og det praktisk skapande arbeidet.
Studenten:
- har evne til å bli aktiv aktør og kritisk deltakar i det offentlege, visuelle rommet
- har evne til å vurdere eigne og andre sine visuelle uttrykk ut frå ein fagleg ståstad
- kan vurdere og reflektere rundt etiske problemstillingar i møte med den visuelle kulturen.
Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Det vert også lagt opp til ein rekke framleggingssituasjonar, i plenum eller i mindre grupper. Undervisninga vert organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Det vert forventa at studentane i stor grad tek ansvar for eiga læring gjennom studentaktive arbeids- og undervisningsformer. Studenten får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar.
Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det er forventa at studenten har elementær datakunnskap. Studenten må ha ei datamaskin som fint kan handtere programvare frå Creative Cloud.
Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697). Med deltaking meiner ein at studentane skal arbeide på ein slik måte at medstudentar og lærar kan få innsyn i læringsprosessane. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær.
Arbeidskrav: Ei praktisk oppgåve med prosessrapport, levert i Canvas til fastsett frist.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Studentane betaler ei materialavgift på kr. 200,- til innkjøp av fellesmateriale. I tillegg må kvar student pårekne kjøp av litt basisutstyr.
- Design, Arts and Crafts - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |
Studenten skal ha ein individuell karakter på vitnemålet.