Semesters

KUM302 Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon

Course code: 
KUM302
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Vitskapsteori er systematiske studiar av kva som kjenneteiknar vitskapleg forsking, aktivitet og kunnskap. Emnet tek utgangspunkt i at kulturmøte er eit fagfelt der ein treng omgrep, teoriar og analytiske reiskapar frå både humaniora og samfunnsvitskapane. Studiet tek derfor opp til drøfting ulike metodar frå både humanistiske og samfunnsvitskaplege forskingstradisjonar. Studentane må lære seg å kombinere metodar frå ulike fagtradisjonar i sitt eige arbeid, og skal arbeide fram ei prosjektskisse til masteroppgåva.

Grunnleggjande omgrep og teoriar

Under dette delemnet skal dei sentrale omgrepa og teoriane på fagfeltet ringast inn. Sjølve kulturomgrepet og fleire andre omgrep er handsama i emnet KUM301. Sosial klasse, etnisitet og kjønn er grunnleggjande element i all menneskeleg identitet, også kulturelle identitetar. Perspektiv på sosiale og kulturelle maktstrukturar vert også presenterte. Det vert vidare gjeve innføring i filosofiens hovudspørsmål og i allmennetiske teoriar – det siste som basis for ei kort innføring i forskingsetikk. 

Metodar

I dette delemnet ligg vekta på historiske, religionsvitskaplege, komparative, fortolkande, og samfunnsvitskaplege metodetradisjonar. Religion, språk og kultur generelt står fram som produserte og ikkje naturgjevne storleikar. I nyare tid, gjennom mesteparten av 1900-talet, har dei strukturalistiske tilnærmingane til språket gjennomsyra humanvitskapen på ei lang rekkje felt. Derfor er det aktuelt å ta opp den såkalla språklege vendinga i humanvitskapen i denne samanhengen.

Prosjektskisse/oppgåvedisposisjon

Prosjektskissa skal innehalde: 

  • ei framstilling og avgrensing av tema/felt for masteroppgåva
  • formulering av problemstilling og eventuelle arbeidshypotesar, og drøfting av sentrale metodespørsmål relatert til oppgåva sitt tema
  • oversyn over forskinga som er gjort på temaet/feltet
  • planar for framdrift av arbeidet med mastergradsoppgåva, for kjeldeinnsamling eller opphald ved andre institusjonar
  • ei liste over utvalt vitskapsteoretisk og metodisk litteratur til oppgåva (ca. 500 sider)
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha inngåande kunnskap om

  • kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte, forsking og arbeid generelt.
  • grunnleggjande omgrep og teoriar innan historievitskapen, religionsvitskapen og samfunnsvitskapane (for eksempel religion, klasse, kjønn, etnisitet, maktstrukturar).
  • historiske, religionsvitskaplege og samfunnsvitskaplege metodar.
  • den språkvitskaplege vendinga i humaniora og tekstvitskapleg metode.
  • forskingsetiske problem og korleis ulike etiske utfordringar kan handterast. 
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling.
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer.
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
  • vurdere forsking kritisk ved å analysere teoriar, omgrep, modellar og metodar, og gjere bruk av vitskapsteoretisk refleksjon i utarbeiding av eige forskingsprosjekt.
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • reflektere kritisk over relevant faglitteratur.
  • byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte.
  • bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte.
  • analysere og kommentere arbeida til medstudentar på ein solidarisk, stringent og konstruktiv måte.
Working and learning activities

I emnet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – førelesning, seminar og individuell rettleiing. Det blir gjeve konsentrert undervisning i ei veke basert på fellespensumet. Frammøte til denne veka er obligatorisk. Studenten får tildelt rettleiar og skal avklare tema mm. for prosjektskissa saman med rettleiar. Studenten får også rettleiing undervegs i arbeidet med prosjektskissa.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • Deltaking på obligatorisk undervisningsveke

Arbeidskrav:

  • Avklare tema for prosjektskissa
  • ​Levere eit første utkast til prosjektskissa 

​Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Knut-Willy Sæther
Used in other programs
  • Cultural Encounters - master
  • Cultural Encounters - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamensbesvarelsen leveres i Inspera som filvedlegg (enten som .doc eller .pdf)
Alle.
Oppgave
Individual
1 Semester
Pass / fail
Ei prosjektskisse / oppgåvesynopsis.
Prosjektskissa skal ha eit omfang på ca. 4000 ord.
Approval signature: 
Randi Bergem 21.02.2020