Semesters
- 2025 Spring
- 2024 Spring
- 2023 Spring
- 2022 Spring
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2019 Spring
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
KUM302 Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon
Ingen
Vitskapsteori er systematiske studiar av kva som kjenneteiknar vitskapleg forsking, aktivitet og kunnskap. Emnet tek utgangspunkt i at kulturmøte er eit fagfelt der ein treng omgrep, teoriar og analytiske reiskapar frå både humaniora og samfunnsvitskapane. Studiet tek derfor opp til drøfting ulike metodar frå både humanistiske og samfunnsvitskaplege forskingstradisjonar. Studentane skal lære seg å kombinere metodar frå ulike fagtradisjonar i sitt eige arbeid, særleg i historie og religion. Emnet består av ein felles innføring i vitskapsteori og metode, samt utvikling av ei individuell prosjektskisse til masteroppgåva.
Vitskapsteori og metode
I dette delemnet blir det gjeve ei innføring i vitskapsteoriens hovudspørsmål, med vekt på dei historisk-filosofiske fagtradisjonane. Studenten får ei innføring i dei vitskapsteoretiske spørsmåla innan historie og religion, og betydninga av desse faga for kulturmøte. Dei sentrale omgrepa og teoriane på fagfeltet blir drøfta, samt tilhøvet mellom kultur og språk. Det blir også gjeve ei innføring i forskingsetikk. I metodedelen ligg vekta på historiske, religionsvitskaplege, komparative, fortolkande, og samfunnsvitskaplege metodetradisjonar.
Prosjektskisse
Prosjektskissa skal innehalde:
- ei framstilling og avgrensing av tema/felt for masteroppgåva
- formulering av problemstilling, eventuelle arbeidshypotesar, og drøfting av sentrale metodespørsmål relatert til oppgåva
- oversyn over forskinga som er gjort på temaet/feltet
- planar for framdrift av arbeidet med mastergradsoppgåva, t.d. planar for kjeldeinnsamling, innhenting av empiriske data og opphald ved andre institusjonar
- ei liste over utvalt vitskapsteoretisk og metodisk litteratur til oppgåva (ca. 500 sider)
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha inngåande kunnskap om
- kva som kjenneteiknar vitskapleg tenkemåte, forsking og arbeid generelt.
- grunnleggjande omgrep og teoriar innan historievitskapen, religionsvitskapen og samfunnsvitskapane (for eksempel religion, klasse, kjønn, etnisitet, maktstrukturar).
- historiske, religionsvitskaplege og samfunnsvitskaplege metodar.
- tilhøvet mellom språk og kultur.
- forskingsetiske problem og korleis ulike etiske utfordringar kan handterast.
Studenten skal kunne
- tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei problemstilling.
- skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer.
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
- vurdere forsking kritisk ved å analysere teoriar, omgrep, modellar og metodar, og gjere bruk av vitskapsteoretisk refleksjon i utarbeiding av eige forskingsprosjekt.
Studenten skal kunne
- reflektere kritisk over relevant faglitteratur.
- byggje opp ein skriftleg argumentasjon på ein klar, logisk og forståeleg måte.
- bruke og vise til kjeldemateriale på ein konsekvent, tydeleg og logisk måte.
- analysere og kommentere arbeida til medstudentar på ein solidarisk, stringent og konstruktiv måte.
I emnet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer: førelesning, seminar og individuell rettleiing. Det blir gjeve konsentrert undervisning i ei veke basert på fellespensumet i vitskapsteori og metode. Frammøte til denne veka er obligatorisk. Studenten får tildelt rettleiar og skal avklare tema mm. for prosjektskissa saman med rettleiar. Studenten får også rettleiing undervegs i arbeidet med prosjektskissa.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar:
Undervisninga er lagt til ein vekesamlin.
- Samling 1: Veke 4, frå måndag til fredag
Frammøtekrav:
- Deltaking på obligatorisk undervisningsveke
Arbeidskrav:
- Avklare tema for prosjektskissa innan ei fastsett frist.
- Levere eit første utkast til prosjektskissa innan ei fastsett frist.
Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire arbeidskrav, får høve til å forbetre arbeidskravet til godkjent nivå i same semester.
- Cultural Encounters - master
- Cultural Encounters - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Ingen. | ||
Oppgave | Individual | 1 Semester | Pass / fail | Prosjektskissa skal ha eit omfang på ca. 4000 ord. |
Begge eksamensdelar må vere bestått for å få samla karakterresultat.