Semesters

KUM307 Den sekulære skulen i eit religiøst og kulturelt mangfald

Course code: 
KUM307
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2016 Spring
Assessment semester: 
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen for studentar på mastergraden i Kulturmøte.Studentar frå andre mastergrader ved HVO, kan søkje om opptak dersom dei har fordjuping i historie eller religion eller tilsvarande bakgrunn innan humanistiske eller samfunnsvitskaplege fag med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp fordjuping i det same faget.

Course content

NB! IKKJE TILBOD VÅR 2017 iflg Anders Aschim 3.5.16. Ny revisjon vår 2018/Marit V. Engeseth

I dette emnet tek vi særleg sikte på å gi økt innsikt i skulen sitt møte med kulturendringar i samfunnet.

Emnet vil gi ei historisk innføring i korleis Vesten vart sekulær og kva det inneber i dag. Det vert lagt vekt på migrasjonspedagogiske og –politiske problemstillingar som:

  • kva vil det seie å vere fleirkulturell?
  • kva slag problem står innvandrargrupper overfor i møte med det liberale demokratiet i Noreg?
  • ulike syn på kvinna si rolle i samfunnet
  • i kva grad kan ei sekulær offentlegheit gi rom for den kulturelle arven innvandrarane har med seg?

Emnet legg vekt på spørsmålet om religion i skulen i eit internasjonalt perspektiv og gir ei innføring i spenninga mellom foreldrerett og skule i ei sekulær offentlegheit. Vi drøfter kva for skilnader vi finn i religionen sin plass i offentleg samanheng i ulike land, korleis spørsmål om religionsfridom og foreldrerett vert løyste i overnasjonal rett, og kva dette får å seie for tilhøvet mellom trusopplæring og skule i ulike land.

Emnet tek også føre seg dei pedagogiske og politiske idene som har vore med på å prege den norske skulen. I ei kritisk innføring i viktige endringar i formålsparagraf og religionsundervisning vil studiet svare på spørsmål som korleis den kulturelle pluraliseringa har endra norsk skule og i kva grad skulen framleis kan og bør spele ei kulturberande rolle.

Learning outcome

Kjem.

Learning outcome knowledge

Etter endt gjennomføring har studenten 

  • avansert kunnskap om den idéhistoriske bakgrunnen for sekulariseringa 
  • avansert innsikt i prosessen som førte til sekulariseringa av norsk skule.
Learning outcome skills

Etter endt gjennomføring kan studenten

  • analysere kulturelle, religiøse og livssynsbaserte element i ulike syn på sekulær offentlegheit 
  • aktualisere minoritetsperspektiv i forhold til dominerande kulturelement
Learning outcome qualification

Etter endt gjennomføring er studenten 

  • kvalifisert for å medverke til at skulen kan meistre endringar i relasjonane mellom religion, kultur og samfunn
Working and learning activities

På emnet vil ein nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurdering i emnet. Følgjande arbeidskrav skal gjennomførast:

  • Delta på ein obligatorisk seminardag og leggje fram eit emne frå pensumlitteraturen.
  • Skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 4000 ord.
  • Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 400-600 ord.
  • Skrive eit refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 400-600 ord.

Alle arbeidskrava må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire av arbeidskrava, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester.

Prosessoppgåva skal ende opp som eksamensoppgåve etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sjå under Vurdering og eksamen. Eksamensoppgåva skal ha same omfang som prosessoppgåva.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Used in other programs
  • Cultural Encounters - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Det blir gitt ein førebels karakter på prosessoppgåva. Munnleg eksamen justerer og fastset den endelege karakteren.
ca 4000 ord
Approval signature: 
Anders Aschim