Semesters
MAT140-AVG Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga
Ingen.
Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke ulike digitale verktøy i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida. Emnet vil innehalde:
- Programmering. Innføring i visuelle og tekstbaserte programmeringsspråk, og korleis ein kan bruke desse i skulen. Didaktisk bruk av programmering og den algoritmiske tenkaren som er knytt mot kompetansemåla i gjeldande læreplan.
- GeoGebra. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i gjeldande læreplan og eksamen i tiande klasse.
- Rekneark. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i gjeldande læreplan og eksamen i tiande klasse.
- Andre digitale ressursar i matematikk. Der er ei aukande mengd av tilgjengelege digitale ressursar, nettsider, nettbrett, appar, interaktive tavler, digitale spel med meir. I emnet tek vi opp didaktisk bruk av slike ressursar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har brei kunnskap om pedagogisk bruk av digitale verktøy i matematikkundervisninga som fremjar læring
- har undervisningskunnskap om bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen
- har kjennskap til og undervisingskompetanse i digitale ressursar som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
- har kjennskap til og undervisningskompetanse om algoritmisk tenking og programmering i matematikkopplæringa i grunnskulen
Studenten
- kan anvende kunnskap i bruk av eit utval digitale verktøy i matematikkundervisninga
- kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av programmering og andre digitale verktøy og ressursar i undervisninga
- kan bruke programmering og andre digitale verktøy og ressursar som reiskap for å tilrettelegge undervisninga
- kan bruke programmering og andre digitale verktøy og ressursar i vurdering av elevane sitt læringsutbytte
- kan bruke programmering og algoritmisk tenking i matematikkundervisninga
Studenten skal
- kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av programmering og digitale verktøy i undervisinga
- utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av programmering og digitale verktøy i matematikk
Emnet er nettbasert med ei samling i Volda på to dagar. Nettleksjonane vert lagt ut om lag annakvar veke, og vert alle avslutta med eit lite arbeidskrav. Dette kan til dømes vere ein kort didaktisk refleksjon, ein kort video der ein løyser ei oppgåve, deltaking i eit diskusjonsforum eller av anna type. Det er eit mål at desse korte små arbeidskrava skal vere tett knytt opp mot det arbeidet ein gjer i den daglege undervisinga som lærar i matematikk. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til praktisk bruk av digitale verktøy i skulen. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til samlinga i Volda, presisert og tidfesta i semesterplanen.
Arbeidskrav:
- 3 refleksjonsoppgåver på om lag 1000 ord, knytt til dei ulike delane av emnet (nemnt over). Desse refleksjonsoppgåvene vil inngå i eksamensmappa.
- Kvar nettleksjon (modul) i Canvas vil verte avslutta med eit mindre arbeidskrav, som alle må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 5 000,-
- Programming and digital tools in mathematics education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 2 Semester | Pass / fail | 100 | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med dei tre refleksjonsoppgåvene i emnet saman med ein presentasjonstekst. I presentasjonsteksten på om lag 1000 ord skal studenten presentere arbeida som er valt ut og arbeidet med dei. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. |