Semesters

MAT140-AVG Programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisninga

Course code: 
MAT140-AVG
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt didaktiske og faglege grunnlag for å bruke programmering og andre digitale verktøy i matematikkundervisinga. Emnet gjev studentane kompetanse i kritisk refleksjon over korleis, kvifor og når bruke ulike digitale verktøy i undervisninga. I emnet vil studentane også utvikle kompetanse i å reflektere rundt endringar i matematikkfaget som konsekvens av digital utvikling, og kva kompetanse ein matematikklærar treng i dag og i framtida. Emnet vil innehalde:

  • Programmering. Innføring i visuelle og tekstbaserte programmeringsspråk, og korleis ein kan bruke desse i skulen. Didaktisk bruk av programmering og den algoritmiske tenkaren som er knytt mot kompetansemåla i gjeldande læreplan.  
  • GeoGebra. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i gjeldande læreplan og eksamen i tiande klasse.
  • Rekneark. Didaktisk bruk av programmet knytt opp mot kompetansemåla i gjeldande læreplan og eksamen i tiande klasse.
  • Andre digitale ressursar i matematikk. Der er ei aukande mengd av tilgjengelege digitale ressursar, nettsider, nettbrett, appar, interaktive tavler, digitale spel med meir. I emnet tek vi opp didaktisk bruk av slike ressursar.
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har brei kunnskap om pedagogisk bruk av digitale verktøy i matematikkundervisninga som fremjar læring
  • har undervisningskunnskap om bruk av GeoGebra og rekneark i matematikkopplæringa i grunnskulen
  • har kjennskap til og undervisingskompetanse i digitale ressursar som kan fremje læring i matematikk, og kan vurdere desse mot kvarandre
  • har kjennskap til og undervisningskompetanse om algoritmisk tenking og programmering i matematikkopplæringa i grunnskulen
Learning outcome skills

Studenten

  • kan anvende kunnskap i bruk av eit utval digitale verktøy i matematikkundervisninga
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid med integrering av programmering og andre digitale verktøy og ressursar i undervisninga
  • kan bruke programmering og andre digitale verktøy og ressursar som reiskap for å tilrettelegge undervisninga
  • kan bruke programmering og andre digitale verktøy og ressursar i vurdering av elevane sitt læringsutbytte
  • kan bruke programmering og algoritmisk tenking i matematikkundervisninga
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • kunne delta og bidra i lokalt utviklingsarbeid knytt til digital matematikkundervisning og utvikle matematikklæraren sin praksis i bruk av programmering og digitale verktøy i undervisinga
  • utvikle haldningar til, forståing for og refleksjon over bruken av programmering og digitale verktøy i matematikk
Working and learning activities

Emnet er nettbasert med ei samling i Volda på to dagar. Nettleksjonane vert lagt ut om lag annakvar veke, og vert alle avslutta med eit lite arbeidskrav. Dette kan til dømes vere ein kort didaktisk refleksjon, ein kort video der ein løyser ei oppgåve, deltaking i eit diskusjonsforum eller av anna type. Det er eit mål at desse korte små arbeidskrava skal vere tett knytt opp mot det arbeidet ein gjer i den daglege undervisinga som lærar i matematikk.  Arbeidsoppgåver vil bli relatert til praktisk bruk av digitale verktøy i skulen. Vi legg opp til studentaktive arbeidsformer.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til samlinga i Volda, presisert og tidfesta i semesterplanen.

Arbeidskrav:

  • 3 refleksjonsoppgåver på om lag 1000 ord, knytt til dei ulike delene av emnet (nemnt over). Desse refleksjonsoppgåvene vil inngå i eksamensmappa.
  • Kvar nettleksjon (modul) i Canvas vil verte avslutta med eit lite arbeidskrav, som alle må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.
Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Andreas Brandsæter
Costs

Kr. 4 000,-

Used in other programs
  • Programming and digital tools in mathematics education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
2 Semester
Pass / fail
100
Studenten skal levere ei vurderingsmappe med dei tre refleksjonsoppgåvene i emnet saman med ein presentasjonstekst. I presentasjonsteksten på om lag 1000 ord skal studenten presentere arbeida som er valt ut og arbeidet med dei.

Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.
Approval signature: 
Arne Myklebust