Semesters

MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori

Course code: 
MEI303
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2025 Autumn
Assessment semester: 
2025 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet, og det inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet, som må vere fullført med karakteren C eller betre. 

Course content

Studiet skal gi auka forståinga for samanhengen mellom problemstilling, forskingsdesign, forskingsmetode og vitskapsteori, og kompetanse i å gjere metodologiske val. Studentane skal kunne reflektere kritisk  over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis den er relevant for yrkesutøving og vidare forsking. Studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med eiga masteroppgåve. 

    Learning outcome

    I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

    Learning outcome knowledge

    Studentane skal ha inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane

    Learning outcome skills

    Studentane skal kunne

    • reflektere kritisk over føresetnader og tilnærmingar i vitskapleg kunnskapsproduksjon og korleis kunnskapen er relevant for yrkesutøving og vidare forsking
    • utforme gode problemstillingar som kan forskast på og gjere vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val
    • presentere og reflektere kritisk over eige arbeid og gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar både munnleg og skriftleg
    Learning outcome qualification

    Studentane skal ha innsikt i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane, og kunne nytte denne på ein reflektert måte.

    Working and learning activities

    Det er tre samlingar i semesteret med tett kopling mellom undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva.  I undervisninga legg vi vekt på dialog, diskusjon og praktisk øving.  Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.  Studentane leverer først eit oppgåvenotat som gjev grunnlag for tildeling av rettleiar, og seinare ein prosjektplan som skal diskuterast med rettleiar. Studentane skal også presentere eige arbeid med masteroppgåva og gje kommentarar til medstudentar i seminar. 

    Assessment requirements

    Det er inntil fire arbeidskrav i emnet. Tre av arbeidskrava skal ta utgangspunkt i problemstillingar gitt av faglærar, og inngå i eksamensmappe, der eit av arbeida vert trekt ut for vurdering. I tillegg skal studentane levere ein prosjektplan som skal diskuterast med rettleiar. 

    Evaluation system
    Minimum number of students: 
    5
    Maximum number of students: 
    20
    Person in charge: 
    Silje Louise Dahl
    Bjarte Folkestad
    Used in other programs
    • Health and Social Sciences - master
    VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
    Portfolio
    Individual
    A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
    100
    Alle arbeidskrava skal lastast opp i eksamensmappa i Inspera. Eit av arbeidskrava vil bli trekt ut for vurdering.
    Inntil 1200 ord
    Approval signature: 
    Randi Bergem 27.0.2023