Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori
60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet. Dette inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) som må vere fullført med karakteren C eller betre som resultat. Det er eit avgrensa tal plassar på emnet og ved rangering tek ein utgangspunkt i i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet. Ved lik rangering vert det loddtrekking.
Studiet legg vekt på innsikt i samanhengen mellom spørsmål som gjeld problemstilling, design, forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane skal såleis kunne reflektere kritisk både over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis han er relevant både for yrkesutøving og vidare forsking. Difor legg vi stor vekt på at studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med eiga masteroppgåve. Det blir lagt opp til presentasjon av eige arbeid som gir grunnlag for kompletterande rettleiing og kommentarar både frå medstudentar og andre fagfolk i tillegg til eigen rettleiar. Studentane kan velje å skrive kvantitativt eller kvalitativt orienterte masteroppgåver, men også meir teoretisk orienterte masteroppgåver. Dei kvantitative kan med fordel knytast til databasar forvalta av forskarar ved instituttet. Ein kan også bruke registerdata eller andre tilgjengelege datasett.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Læringsutbytet er avhengig av den innsats studentane legg for dagen i studiet m.a. basert på eigne læreføresetnader, haldningar og interesser. Studiet kan bidra til dette utbytet gjennom opplegg der studentane tek aktiv del i førelesingar, men også i presentasjonar og diskusjonar av eige masterarbeid undervegs og relevant forskingslitteratur. Målet med emnet er såleis å gi studentane metodekunnskap for arbeidet med masteroppgåva og førebu dei for utgreiings- og forskingsoppgåver i seinare yrkespraksis. Emnet skal også gi grunnlag for søknad om vidare forskarkvalifisering, t.d. på doktorgradsnivå.
Om mål for dugleiksområda i emnet, sjå avsnitta om kunnskapar, organisering og arbeidsmåtar i emneplanen og programmet for den enkelte samlinga som blir lagt ut i Canvas
Om mål for den generelle kompetansen i emnet, sjå avsnitta om kunnskapar, organisering og arbeidsmåtar i emneplanen og programmet for den enkelte samlinga som blir lagt ut i Canvas
Det er tre vekesamlingar gjennom semesteret med tett kopling mellom undervisning i forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva. Desse samlingane vert fylgde opp med to kortare samlingar for MEI304/305 i påfølgjande semester (sjå emneplan for MEI304/305 for meir informasjon om dette). Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. Studentane skal presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Førelesingane gir metodisk og vitskapsteoretisk grunnlag for oppgåvearbeidet, medan oppgåveseminar gir studentane tilbakemelding på dei faglege utfordringane dei møter i forskjellige fasar av forskingsprosessen.
- Samling 1: veke 36
- Samling 2: veke 43
- Samling 3: veke 48
Til den tredje samlinga skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 01.februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent.
I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen. Førelesingane tek for seg følgjande tema:·
- Vitskapsteoretiske paradigme: Ontologiske, epistemologiske, metodologiske og etiske føringar som verkar inn på forskingsprosessen. Her byggjer ein på vitskapsteoretiske perspektiv som er presenterte i dei to føregåande obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet (15 stp) og Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet (15 stp)
- Forskingsprosess og forskingsdesign
- Kunnskapsstatus og kunnskapsbehov: Systematisk litteratursøking og metaanalyse
- Temaval og presisering av problemstillingar
- Utveljings- og generaliseringsspørsmål
- Innsamling og produksjon av data: observasjon, kvalitative intervju, kvantitative spørjeundersøkingar m.m.
- Kasusforsking.
- Analysetilnærmingar: kvantitativ analyse med SPSS-kurs og ulike former for kvalitativ analyse.
- Forsking og etiske dilemma.
- Utfordringar i skrive- og publiseringsprosessen.
Ingen arbeidskrav eller andre vilkår i dette emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Health and Social Sciences - master
- Health and Social Sciences - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ingen |