Semesters

MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori

Course code: 
MEI303
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2020 Autumn
Assessment semester: 
2020 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet, og det inkluderer dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperpektivet (MEI301) og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302), som må vere fullført med karakteren C eller betre. Det er eit avgrensa tal plassar på emnet, og ved rangering tek ein utgangspunkt i i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet. Ved lik rangering vert det loddtrekking.

Course content

Studiet legg vekt på innsikt i spørsmål som gjeld samanhengen mellom problemstilling, design, forskingsmetode og vitskapsteori. Studentane skal såleis kunne reflektere kritisk både over kva føresetnader og tilnærmingar vitskapleg kunnskap legg til grunn, korleis kunnskapen blir skapt og teken i bruk og korleis han er relevant både for yrkesutøving og vidare forsking. Studentane arbeider med desse spørsmåla samstundes som dei utformar problemstilling og gjer vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med eiga masteroppgåve. Det blir lagt opp til presentasjonar av eige arbeid med kommentarar frå medstudentar og faglærarar. Studentane kan velje å skrive kvantitativt eller kvalitativt orienterte, men også meir teoretisk orienterte masteroppgåver. Dei kvantitative kan med fordel knytast til databasar forvalta av forskarar ved instituttet. Ein kan også bruke registerdata eller andre tilgjengelege datasett.

I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen. Førelesingane tek for seg følgjande tema:·

  • Vitskapsteoretiske paradigme: Ontologiske, epistemologiske, metodologiske og etiske føringar som verkar inn på forskingsprosessen.
  • Forskingsprosess og forskingsdesign
  • Kunnskapsstatus og kunnskapsbehov: Systematisk litteratursøking
  • Temaval og presisering av problemstillingar
  • Utveljings- og generaliseringsspørsmål
  • Innsamling og produksjon av data: observasjon, kvalitative intervju, kvantitative spørjeundersøkingar m.m.
  • Kasusforsking
  • Analysetilnærmingar: kvantitativ analyse med SPSS-kurs og ulike former for kvalitativ analyse
  • Forsking og etiske dilemma
  • Utfordringar i skrive- og publiseringsprosessen
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studentane skal ha inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane

Learning outcome skills

Studentane skal kunne reflektere kritisk over føresetnader og tilnærmingar i vitskapleg kunnskapsproduksjon og korleis kunnskapen er relevant for yrkesutøving og vidare forsking

Studentane skal kunne utforme ei forskbar problemstilling og gjere vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske val i arbeidet med masteroppgåva

Studentane skal kunne presentere og reflektere kritisk over eige arbeid og gje konstruktive tilbakemeldingar til medstudentar både munnleg og skriftleg

Learning outcome qualification

Studentane skal ha inngåande kunnskap i vitskapsteori og forskingsmetodar innanfor samfunnsvitskapane og kunne nytte kunnskapen på ein reflektert måte i eige forskingsprosjekt

Working and learning activities

Det er tre vekesamlingar i semesteret med tett kopling mellom undervisning i vitskapsteori, forskingsmetode og arbeidet med masteroppgåva. Desse samlingane vert fylgde opp med to kortare samlingar for MEI304/305 i påfølgjande semester (sjå emneplan for MEI304/305 for meir informasjon om dette). I dette emnet drøftar ein grundig dei dilemma som oppstår i dei forskjellige fasane av forskingsprosessen. Opplegget er ein kombinasjon av førelesingar og gruppearbeid. Studentane skal presentere status i oppgåvearbeidet for medstudentar og rettleiarar. Førelesingane gir metodisk og vitskapsteoretisk grunnlag for oppgåvearbeidet, medan oppgåveseminar gir studentane tilbakemelding på dei faglege utfordringane dei møter i forskjellige fasar av forskingsprosessen.

  • Samling 1: veke 34
  • Samling 2: veke 43
  • Samling 3: veke 48

Til den tredje samlinga skal heiltidsstudentane levere ein prosjektplan for masteroppgåva. Studentar som gjennomfører master på deltid skal levere prosjektplanen innan 1.februar påfølgjande semester. Vidare rettleiing føreset at prosjektplanen er levert og godkjent.

Assessment requirements

Ingen arbeidskrav eller andre vilkår i dette emnet.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Finn Ove Båtevik
Bjarte Folkestad
Used in other programs
  • Health and Social Sciences - master
  • Health and Social Sciences - master
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Alle
Approval signature: 
Randi Bergem 18.02.2020