Semesters

MGL1-7EN1A Engelsk 1A

Course code: 
MGL1-7EN1A
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
English
Course content

Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på den tidlege opplæringa i engelsk.  1-7ENG 1A har fokus på mellomsteget, men vil også sjå noko på begynnaropplæringa i engelsk. Emnet gir ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. Emnet gir ei innføring i fagdidaktikk, korleis språket er bygd opp (med særleg vekt på grammatikk), og kjennskap til og bruk av ulike kulturuttrykk i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt, med særleg fokus på skriftleg engelsk. 

 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

 

Learning outcome knowledge

Studenten

* har kunnskap om korleis barn lærer 2. og 3. språk, og om begynnaropplæring i engelsk

* har kunnskap om korleis fleirspråklegheit kan nyttast som ein ressurs i engelskundervisninga

* har grunnleggjande kjennskap til engelske språkstrukturar, med vekt på ord og ordtilfang, grammatikk og tekststruktur, og til skilnadar og  likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda

* har grunnleggjande kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon

* har kjennskap til eit utval kulturuttrykk, inkludert tekstar som kan brukast i undervisning av barn

 

 

Learning outcome skills

Studenten

* kan bruke engelsk funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar

* kan planlegge læringsøkter med klåre faglege og didaktiske mål tilpassa mangfaldet i elevgruppa

* kan nytte fagkunnskap didaktisk i høve til gjeldande læreplan for grunnskulen 

* kan lese og drøfte (munnleg og skriftleg) eit utval av engelskspråklege kulturuttrykk for born og unge

* kan nytte engelskspråklege kulturuttrykk i undervisning av elevar på 1.-7. steg

* kan observere og reflektere over eigen og andre sin undervisningspraksis 

 

 

Learning outcome qualification

Studenten

* kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 1.-7. trinn

* kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge

* kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget

* kan halde ved like og utvikle eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse

* kan bruke grunnleggjande normer for akademisk tekstproduksjon

 

 

Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar.

 

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar jfr. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

 

Arbeidskrav:

a. ein kort diagnostisk tekst (350 ord)

b. ei skriftleg oppgåve på 600 ord 

c. eit utkast på minimum 800 ord til den skriftlege eksamensoppgåva (sjå eksamen)

d. ein logg med minimum 6 innlegg på minimum 100 ord kvar. Eitt av innlegga skal vere munnleg

 

To av logginnlegga og utkastet til eksamensoppgåva skal vere knytt til studentens praksis og innehalde refleksjonar over denne. Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
.
Person in charge: 
Åsa Sundnes Bruheim
Kjetil Arve Myskja
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Eksamenane vil vere ei prøving både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
1000 ord +/- 10 % (sjå arbeidskrav)
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Eksamenane vil vere ei prøving både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Delar av skriftleg eksamen: Engelsk-engelsk ordbok (det vil bli spesifisert til kva eksamensdelar)