Semesters

MGL1-7EN1A Engelsk 1A

Course code: 
MGL1-7EN1A
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på den tidlege opplæringa i engelsk. 1-7ENG 1A har fokus på mellomsteget, men vil også sjå noko på begynnaropplæringa i engelsk. Emnet gir ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. Emnet gir ei innføring i fagdidaktikk, korleis språket er bygd opp (både fonetisk og grammatisk, med særleg vekt på ordtilfang, grammatikk og uttale).  Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt, med fokus på både skriftleg og munnleg engelsk. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

* har kunnskap om korleis barn lærer 2. og 3. språk, og om god undervisningspraksis i begynnaropplæring i engelsk

* har kunnskap om korleis fleirspråklegheit kan nyttast som ein ressurs i engelskundervisninga

* har grunnleggjande kjennskap til engelske språkstrukturar, med vekt på ord og ordtilfang, grammatikk og tekststruktur, lydsystem og uttale, og til skilnadar og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda

* har grunnleggjande kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon og kjennskap til korleis ein les ein forskingsartikkel

* har kjennskap til eit utval kulturuttrykk, inkludert tekstar som kan brukast i undervisning av elevar på 1.-7. steg

* har kunnskap om eit utval digitale ressursar og korleis desse kan brukast til å utforske språket og samhandle med andre

Learning outcome skills

Studenten

* kan bruke engelsk funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar

* kan planlegge læringsøkter med klåre faglege og didaktiske mål tilpassa mangfaldet i elevgruppa

* kan nytte fagkunnskap didaktisk i høve til gjeldande læreplan og tverrfaglege tema for grunnskulen 

* kan nytte nokre enkle engelskspråklege kulturuttrykk i undervisning av elevar på 1.-7. steg

* kan nytte eit utval digitale læremiddel og andre ressursar som kan brukast i opplæringa.

* kan observere og reflektere over eigen og andre sin undervisningspraksis 

Learning outcome qualification

Studenten

* kan formidle relevant fagstoff, inkludert tverrfaglege tema, og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 1.-7. trinn

* kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge

* kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget

* kan halde ved like og utvikle eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse

* kan bruke grunnleggjande normer for akademisk tekstproduksjon

* kan skaffe seg oversikt over eit utval tekstar, inkludert biletbøker, som kan brukast i undervising av born

Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg nyttar vi ei rekkje digitale læringsressursar.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar jfr. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

a. ein kort diagnostisk tekst (350 ord, haust)

b. ei skriftleg grammatikkoppgåve (haust)

c. eit utkast på minimum 1000 ord til ei skriftleg oppgåve i didaktikk (vår, sjå eksamen)

d. to refleksjonsnotat knytte til praksis (eitt haust og eitt vår)

e. ei digital munnleg innlevering med fokus på høgtlesing og uttale (vår, sjå eksamen)

f. ei skriftleg oppgåve knytt til uttale (vår, sjå eksamen)

Utkastet til eksamensoppgåva skal vere knytt til praksis. Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Arbeidskrav i gjeldande semester må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Natalie Ann Donohue
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Vår.
Tilsvarande om lag 3000 ord (sjå arbeidskrav). Mappa skal innehalde omarbeidde versjonar av didaktikkoppgåva, den digitale innleveringa og den skriftlege oppgåva knytt til uttale, i tillegg til ein kort introduksjonstekst.
Home exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
30
Haust. Eksamenane vil vere ei prøving både av pensumkunnskap og språkbruk.
Oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Vår.
Ingen
Approval signature: 
Arne Myklebust