Semesters
MGL1-7EN1A Engelsk 1A
Ingen.
Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir ei innføring i språkopplæring og fagdidaktikk med spesiell vekt på den tidlege opplæringa i engelsk. 1-7ENG 1A har fokus på mellomsteget, men vil også sjå noko på begynnaropplæringa i engelsk. Emnet gir ei innføring i kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. Emnet gir ei innføring i fagdidaktikk, korleis språket er bygd opp (både fonetisk og grammatisk, med særleg vekt på grammatikk), og kjennskap til og bruk av ulike kulturuttrykk i barneskulen. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt, med særleg fokus på skriftleg engelsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
* har kunnskap om korleis barn lærer 2. og 3. språk, og om begynnaropplæring i engelsk
* har kunnskap om korleis fleirspråklegheit kan nyttast som ein ressurs i engelskundervisninga
* har grunnleggjande kjennskap til engelske språkstrukturar, med vekt på ord og ordtilfang, grammatikk og tekststruktur, og til skilnadar og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
* har grunnleggjande kjennskap til normer for akademisk tekstproduksjon og kjennskap til korleis ein les ein forskingsartikkel
* har kjennskap til eit utval kulturuttrykk, inkludert tekstar som kan brukast i undervisning av barn
* har kunnskap om eit utval digitale læremiddel og korleis element frå barn og unge sin mediekultur kan brukast i opplæringa.
Studenten
* kan bruke engelsk funksjonelt munnleg og skriftleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
* kan planlegge læringsøkter med klåre faglege og didaktiske mål tilpassa mangfaldet i elevgruppa
* kan nytte fagkunnskap didaktisk i høve til gjeldande læreplan og tverrfaglege tema for grunnskulen
* kan lese, forstå og drøfte (munnleg og skriftleg) eit utval av engelskspråklege kulturuttrykk for born og unge
* kan nytte engelskspråklege kulturuttrykk i undervisning av elevar på 1.-7. steg
* kan nytte eit utval digitale læremiddel og andre ressursar som kan brukast i opplæringa.
* kan observere og reflektere over eigen og andre sin undervisningspraksis
Studenten
* kan formidle relevant fagstoff, inkludert tverrfaglege tema, og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 1.-7. trinn
* kan reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulen sitt ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
* kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
* kan halde ved like og utvikle eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse
* kan bruke grunnleggjande normer for akademisk tekstproduksjon
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar.
Frammøtekrav:
Obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar jfr. forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
a. ein kort diagnostisk tekst (350 ord)
b. ei skriftleg oppgåve på 600 ord
c. eit utkast på minimum 800 ord til den skriftlege eksamensoppgåva (sjå eksamen)
d. ein logg med minimum 4 innlegg på minimum 200 ord kvar. Eitt av innlegga skal vere munnleg
To av logginnlegga og utkastet til eksamensoppgåva skal vere knytt til studentens praksis og innehalde refleksjonar over denne. Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | 1000 ord +/- 10 % (sjå arbeidskrav) | ||
Home exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Eksamenane vil vere ei prøving både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. | Alle hjelpemiddel tillatt |