Semesters
MGL1-7PR1 Praksis 1
Tema for praksis 1 er lærarrolla og lærararbeidet, og her får studentane eit første møte med det å vere lærar.
Praksis første studieår startar med observasjonspraksis, og studentane bruker systematisk observasjon for å skaffe seg ei første innsikt i lærararbeidet.
Første studieår har studentane praksis på mellomsteget.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- Lærarrolla og læraren sine oppgåver i skulen
- Gjeldande lov- og planverk i skulen
- Læring og tilrettelegging av fagleg innhald og arbeidsmåtar som fremmer gode læreprosessar
- Grunnleggande ferdigheiter
Studenten kan:
- Planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning
- Legge til rette for estetiske læreprosessar gjennom ulike uttrykk, formidling og framføring
- Bruke relevante læremiddel, ressursar og digitale verktøy i opplæringa
- Gjennomføre systematisk observasjon av læraren sitt arbeid
Studenten kan:
- Kommunisere munnleg og skriftleg, og nytte nynorsk og bokmål på ein hensiktsmessig måte i profesjonssamanheng
- Delta aktivt i rettleiing i praksis, og nytte tilbakemeldingar til eigen utvikling
Felles for alle årssteg:
Studentane vert delte i grupper på to til fire studentar, og dei er på same praksisskulen og i same klasse gjennom heile studieåret. Kvar gruppe får rettleiing frå praksislærar og oppfølgingslærar ved høgskulen, og praksislærar gir dagleg før- og etterrettleiing. Studentane samarbeider om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning, og fyller ut planlegging- og rettleiingsskjema til timar dei har hovudansvar for. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og rettleiing, også der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga.
I samband med praksis vert det organisert obligatoriske møte der studentar, praksislærarar og oppfølgingslærar får høve til å møtast for samarbeid om planlegging av praksis og for felles refleksjon etter praksis.
Første studieår:
I byrjinga av praksisopplæringa første studieår får studentane ansvar for avgrensa deler av timar og aktivitetar, gjerne i lag med medstudentar. Det blir øvd på enkeltelement som det å starte ein aktivitet, samtale med elevar om faglege spørsmål, gje tilbakemeldingar, instruere og formidle fagleg kunnskap. Utover i praksisperiodane første studieår blir ansvaret meir omfattande og utvida til å gjelde heile undervisningsøkter, fleire undervisningsøkter og meir individuelt ansvar for undervisning.
Vurdering:
Praksislærar har hovudansvar og gjer vurderinga i samråd med oppfølgingslærar ved høgskulen og rektor ved praksisskulen.
Studentane får:
- Skriftleg midtvegsvurdering.
- Skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått.
Rutiner for ikkje stått:
- Praksislærar nytter eige varselskjema ved fare for ikkje stått.
- Ved ikkje stått får studenten tilbod om å gjennomføre ny praksis på 10 dagar.
- Ved ikkje stått på andre forsøk må studenten avbryte studiet.
Det er obligatorisk frammøte til førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Alt fråver i praksis må takast att. Manglande deltaking på førebuing og etterarbeid kan føre til krav om kompensatorisk arbeid.
I tillegg skal studentane:
- Levere signert midtvegs- og sluttvurdering i Canvas
- Gjennomføre og få godkjent arbeidskrav knytt til praksis.
Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | Pass / fail |