Semesters

MGL1-7PR1 Praksis 1, 30 dagar

Course code: 
MGL1-7PR1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Autumn
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Hovudtema for praksisstudiet dei tre første studieåra (syklus 1) er lærarrolla, lærararbeidet, elevmangfaldet, skulen som organisasjon  og læraren si tilrettelegging for læring av fag for 1. til 7. trinn.

Praksis i 1.studieår er på 30 dagar og er fordelt på tre praksisperiodar og 5 av dagane er observasjonspraksis. Studenten skal samarbeide med medstudentar om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervising med rettleiing frå praksislærar og faglærar. 

Tema for praksis i første studieår er lærarrolla, kontaktlærarrolla og lærararbeidet. Studentane får eit første møte med det å vere lærar. Studentane skal nytte systematisk observasjon av praksislærar for å skaffe seg ei første innsikt i dei daglege oppgåvene i yrket. Observasjonane skal analyserast og rapporterast skriftleg som eit arbeidskrav i Pel-faget. I løpet av studieåret får studentane innføring i estetiske læringsprosessar gjennom øving i stemmebruk og kroppsspråk og leiing av ulike dramapedagogiske undervisningsopplegg. Dei skal også få ei innføring i teknisk og pedagogisk bruk av relevante digitale ressursar i skulen.

Praksisstudiet har ein integrerande funksjon i grunnskulelærarutdanninga og føreset samarbeid mellom studentar, faglærarar, praksislærarar og skuleleiing. Praksis skal vere tilpassa studentane sine fagval. Faglærarar, praksislærarar og studentar samarbeider tett i planlegging, gjennomføring og etterarbeid i praksis. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om læraren og kontaktlæraren sine oppgåver og roller i skulen
  • har kunnskap om klasseleiing, kommunikasjon, samhandling og relasjonsarbeid
  • har kunnskap om læreprosessar, tilrettelegging av undervisning, arbeidsmåtar og vurderingsformer som fremjar gode inkluderande klasse- og læringsmiljø
  • har kunnskap om grunnleggande ferdigheiter som ressurs for læring
  • har kunnskap om observasjonsmetodar
Learning outcome skills

Studenten

  • har erfaring med å planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale planar 
  • kan bruke relevante digitale ressursar
  • kan diskutere og fagleg grunngi pedagogiske, didaktiske og etiske val
  • kan planlegge og gjennomføre systematisk observasjon av læraren og lærararbeidet
  • kan kommunisere munnleg og skriftleg og nytte språket  på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng 
Learning outcome qualification

Studenten

  • har kunnskap om estetiske læringsprosessar og kan legge til rette for kreativ læring gjennom ulike uttrykk, formidling og framføring
  • kan diskutere undervisning og læring, fag og elevar i lys av profesjonsetiske perspektiv
  • kan gjere seg nytte av ulike typar tilbakemeldingar frå praksislærar, medstudentar og faglærarar til eiga læring og utvikling
Working and learning activities

Studentane vil normalt vere inndelt i praksisgrupper på 3-4 studentar. Ein av høgskulen sine faglærarar vil følgje opp den einskilde studentgruppa. Praksisen i fyrste studieåret vert delt inn i tre praksisperiodar.

I byrjinga på praksisopplæringa første året får studentane ansvar for avgrensa deler av timar og aktivitetar, Det blir øvd på enkeltelement som å starte ein aktivitet, samtale med elevar om faglege spørsmål, gje tilbakemeldingar, instruere, formidle og vurdere fagleg kunnskap osv. God klasseleiing er ei av dei utfordringane studentane må få erfaring med tidleg. Utetter i praksisperiodane i første studieåret blir dette ansvaret meir omfattande og utvida til å gjelde heile undervisningsøkter og fleire undervisningsøkter. Utfordringane går også frå å ha gruppevis ansvar for undervisning til å få eit individuelt ansvar. Det er forventa at studentane er aktive i observasjon og drøfting av erfaringar frå økter der dei sjølve ikkje har hovudansvar for undervisninga. Det er ein viktig føresetnad for å kunne utvikle forskarblikket i praksis. I praksis nyttar studentane digitale rettleiingsverktøy.

Før og etter kvar praksisperiode er det obligatoriske praksismøte mellom studentar, praksislærarar og faglærarar.

Assessment requirements

Frammøtekrav:Det er obligatorisk frammøte til all førebuing, gjennomføring og etterarbeid til praksis. Manglande frammøte vil kunne føre til krav om eit individuelt kompensatorisk arbeid for å få godkjent praksis. 

Arbeidskrav:

Følgjande arbeidskrav skal være gjennomført og godkjent:

  1. Arbeidskrav før andre praksisperiode: Deltaking på seminar med innføring i teknisk og pedagogisk bruk av relevante digitale ressursar i skulen. Nærare spesifisering i semesterplan/Canvas.
  2. Arbeidskrav etter andre praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av sentrale erfaringar om lærarrolla og/eller lærararbeidet. Nærare spesifisering i semesterplan/Canvas.
  3. Arbeidskrav før tredje praksisperiode. Nærare spesifisering i semesterplan/Canvas.
    1. Deltaking på seminar med gruppevis munnleg presentasjon knytt til førebuing (jf. dramaopplegg) til praksis.
    2. Deltaking på seminar med innføring i teknisk og pedagogisk bruk av relevante digitale ressursar i skulen.
  4. Arbeidskrav etter tredje praksisperiode: Deltaking på seminar med drøfting av sentrale erfaringar frå undervisning. Nærare spesifisering i semesterplan/Canvas.

Sjå elles §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Kjersti Markegård
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
Pass / fail
Praksislærar skal gje munnleg, rettleiande vurdering av arbeidet frå dag til dag i praksisperioden. Etter om lag 15 dagar i praksis skal kvar student ha skriftleg midtvegsvurdering.

Etter siste praksisperiode skal student ha sluttvurdering med karakteren Stått/Ikkje stått. Rettleiing og vurdering av studentar i praksisstudiet er eit felles ansvarsområde for praksislærar, rektor og faglærar i lærarutdanninga.
Approval signature: 
Arne Myklebust