Semesters

MGL5-10SA3B Digital kultur og offentlegheit

Course code: 
MGL5-10SA3B
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2021 Spring
Assessment semester: 
2021 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL5-10SA2B Perspectives on Social Science Didactics
Course content

Emnet utforskar deltaking og samhandling i digital kultur og offentligheit. Digitale media har endra vilkåra for kommunikasjon og deltaking i offentlegheita. Nye kulturuttrykk og distribusjonsformer har vakse fram, og gitt digitale fellesskap. Moglegheitene for å ytre seg har blitt meir tilgjengelege, men høvet til å nå mange er ulikt fordelt.

Emnet legg vekt på problemstillingar retta mot korleis digitale media påverkar samfunnsdebatten og demokratiske prosessar, kva moglegheiter digitale kanalar gir for deltaking i offentlegheita og for utvikling av digital identitet og medborgarskap. Emnet dreiar seg elles om korleis digitaliseringa endrar tilgangen til og forståinga av kulturuttrykk som til dømes film, foto og litteratur. Problemstillingane blir utforska frå ulike faglege perspektiv, til dømes historisk, kjønnskritisk, etnografisk, og mediekritisk. Sentrale tema er sosiale media, digital kjeldekritikk, og digitalt medborgarskap..

Arbeidet med pensum og arbeidskrav i emnet vil bidra til å utvikle studenten si tenking omkring digital kultur og offentlegheit, og korleis ein kan stimulere til kritisk tenking og digital danning hos elevar i grunnskulen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha:

  • djupnekunnskap om forsking om digital kultur og offentligheit.
  • djupnekunnskap om digitale ferdigheiter i samfunnsfag
  • inngåande kunnskap om mediekvardagen i skule og samfunn, både i norske og internasjonale samanhengar.
  • inngåande kunnskap om den historiske bakgrunnen for dagens digitale mediesamfunn
  • inngåande kunnskap om korleis digital teknologi kan brukast i undervisningssamanheng
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bidra til elevane si utvikling av digital medborgarskap og bevisstheit om deira ansvar og rett til deltaking
  • kan finne forsking og erfaringskunnskap som er relevant i undervisning
  • kan vurdere og bruke relevante læremidlar, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan orientere seg i nasjonal og internasjonal forsking  om digitale media i skulen, og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga.
Learning outcome qualification
  • kan reflektere over samfunnsfaglege- og profesjonsetiske problemstillingar på eit avansert nivå
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom variert klasseromsundervisning, seminar og arbeid i mindre grupper. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon.

Assessment requirements
  1. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
  2. Gruppebasert arbeidskrav der studentane skal produsere ein undervisningsvideo på maksium fem minutt. Videoen skal presenterast for medstudentar og faglærar i seminar, der gruppa skal argumentere for vala som er gjorde.
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Eirik Hammersvik
Margit Ystanes
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten skal som heimeeksamen skrive ein vitskapeleg artikkel på 2400 – 2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar) over eit oppgitt tema. Artikkelen skal følge vanlege reglar for kjeldebruk og referansar. 
Ingen.
2400-2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar)
Approval signature: 
Randi Bergem, 9. mars 2020