Semesters
MGL5-10SA3B Digital kultur og offentlegheit
Emnet utforskar deltaking og samhandling i digital kultur og offentligheit. Digitale media har endra vilkåra for kommunikasjon og deltaking i offentlegheita. Nye kulturuttrykk og distribusjonsformer har vakse fram, og gitt digitale fellesskap. Moglegheitene for å ytre seg har blitt meir tilgjengelege, men høvet til å nå mange er ulikt fordelt.
Emnet legg vekt på problemstillingar retta mot korleis digitale media påverkar samfunnsdebatten og demokratiske prosessar, kva moglegheiter digitale kanalar gir for deltaking i offentlegheita og for utvikling av digital identitet og medborgarskap. Emnet dreiar seg elles om korleis digitaliseringa endrar tilgangen til og forståinga av kulturuttrykk som til dømes film, foto og litteratur. Problemstillingane blir utforska med utgangspunkt i forskjellige perspektiv og fagtradisjonar, som historie, kjønnsstudiar, etnografiske studiar, medievitenskap og didaktikk. Sentrale tema er sosiale media, digital kjeldekritikk, og digitalt medborgarskap.
Arbeidet med pensum og arbeidskrav i emnet vil bidra til å utvikle studenten si tenking omkring digital kultur og offentlegheit, korleis ein kan stimulere til kritisk tenking og digital danning hos elevar i grunnskulen, og studenten sine ferdigheiter i akademisk skriving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- djupnekunnskap om forsking om digital kultur og offentligheit.
- djupnekunnskap om digitale ferdigheiter i samfunnsfag
- inngåande kunnskap om mediekvardagen i skule og samfunn, både i norske og internasjonale samanhengar.
- inngåande kunnskap om den historiske bakgrunnen for dagens digitale mediesamfunn
- inngåande kunnskap om korleis digital teknologi kan brukast i undervisningssamanheng
Studenten
- kan bidra til elevane si utvikling av digital medborgarskap og bevisstheit om deira ansvar og rett til deltaking
- kan finne forsking og erfaringskunnskap som er relevant i undervisning
- kan vurdere og bruke relevante læremidlar, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
- kan orientere seg i nasjonal og internasjonal forsking om digitale media i skulen, og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga.
- kan reflektere over samfunnsfaglege- og profesjonsetiske problemstillingar på eit avansert nivå
- kan skrive akademiske tekstar
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom variert klasseromsundervisning, seminar og arbeid i mindre grupper. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon.
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
- Levere ei rekkje mindre arbeid knytt til kompetansemål i emnet gjennom semesteret.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Studenten skal som heimeeksamen skrive ein vitskapeleg artikkel på 2400 – 2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar) over eit oppgitt tema. Artikkelen skal følge vanlege reglar for kjeldebruk og referansar. | Ingen. | 2400-2800 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar) |