Semesters
MUS208 Ensembleleiing
Eller tilsvarande.
Emnet gjev ei praktisk-teoretisk innføring i dirigering og leiing av kor og andre typar ensemble. Gjennom observasjon, utprøving og rettleiing i utøvingssituasjonar vil studenten få innsikt i dirigenten sine ulike roller. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: innstuderingsmetodikk, kroppspråk, teknikk og uttrykk, instrumental- og vokalkunnskap, gehørtrening, repertoarkunnskap og partiturstudium.
Emnet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har:
- kunnskap om repertoarval og ulike typar partitur for vokale eller instrumentale ensemble
- kunnskap om tekniske utfordringar og oppvarmingsteknikk for ulike typar vokal- og instrumentale ensemble
- kunnskap om rinnstuderingsmetodikk
- kunnskap om rtakteringsmønster og direksjonsteknikk
- kunnskap om rfagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
- kjennskap til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
Kandidaten kan:
- lese og tolke ulike typar partitur for vokale og instrumentale ensemble
- planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og treffe og grunngje faglege val
- reflektere over og justere eigne ferdigheiter innan direksjon og innstuderingspraksis under rettleiing
Kandidaten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Studiet vekslar mellom teoretisk arbeid, observasjon av ensembleleiing i ulike samanhengar, og praktisk øving. Det blir undervist både i gruppe og som individuell rettleiing, mellom anna på grunnlag av videoopptak frå arbeid med praksisensemble.
Faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i gruppe.
Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Studenten skal føre ein refleksjonslogg med utgangspunkt i videoopptak frå minst 3 ulike økter som dirigent med variert repertoar. Gjennom desse øktene skal studenten fokusere på følgjande faglege perspektiv:
- grunnleggande tekniske ferdigheiter
- interpretasjon
- innstuderingsmetodikk
- Studenten skal levere ein rapport med refleksjonsnotat om gjennomført observasjon i eit ensemble (ca.1500 ord).
- Studenten skal førebu eit sjølvvalt repertoar med vokal- og/eller instrumentalensemble. Ensemble og repertoar skal godkjennast av faglærar.
Det er obligatorisk deltaking for studentar på MUS208 på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som er aktive medlemmar i kor eller instrumentalensemble kan søkje fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 5-11.
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Praktisk-munnleg eksamen med vokal- eller instrumentalensemble med utgangspunkt i eit førebudd repertoar. |