Semesters

NO122 Nynorsk i opplæringa 2

Course code: 
NO122
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Nynorsk i opplæringa 2 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa. Emnet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk. Studentane skal kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen, utvikle eigenkompetanse i nynorsk, og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori. Nynorsk i opplæringa 2, NO122, har eit kultur- og danningsperspektiv.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:

  • Nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadsmetodikk og grammatikkdidaktikk
  • Litteratur og litteraturformidling, med vekt på nynorsk barne- og ungdomslitteratur
  • Språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
Learning outcome skills
  • Studenten skal kunne utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • Leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede ved å bruke nynorsk i opplæringa
  • Leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
  • Bruke læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekstar på nynorsk
Learning outcome qualification
  • Studenten skal analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • Bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
  • Utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Working and learning activities

Undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling og programvare for tekstbehandling. Emnet er delt i tre delemne som vil bli introduserte i kvar sin undervisningsmodul fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav. 

Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, deltaking i læringsplattform og skriftleg refleksjon over fagstoffet. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som vert lagt i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre. Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling.

Assessment requirements

Til kvart delemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Emnet er delt i 3 delemne og til kvart delemne er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.

Til kvart delemne må studenten:

  • skrive to mindre tekster på 1-2 sider
  • gje respons til medstudentar
  • skrive ei godkjenningstekst, på ca. 1600 ord  (til saman 3 godkjenningstekster). Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.

For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere godkjente.

Evaluation system
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Irene Hareide
Used in other programs
  • New Norwegian in education, Grades 1-13
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (ca. 1600 ord ) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (ca. 3000 ord). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk, og tematisere nynorsk i opplæringa.
Eksamensoppgåve på 3000 ord (+ - 10 prosent)
Approval signature: 
Arne Myklebust