Semesters
NO122 Nynorsk i opplæringa 2
Ingen
Nynorsk i opplæringa 2 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa. Emnet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk. Studentane skal utvikle eigenkompetanse i nynorsk, kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori. Nynorsk i opplæringa 2, NO122, har eit kultur- og danningsperspektiv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:
- Nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadsmetodikk og grammatikkdidaktikk
- Nynorsk barne- og ungdomslitteratur og litteraturformidling.
- Språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv.
- Studenten skal kunne utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål.
- Leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede ved å bruke nynorsk i opplæringa.
- Leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa.
- Bruke tenlege vurderings- og rettleiingsstrategiar i elevtekstar på nynorsk
- Studenten skal analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald.
- Ha kjennskap til og kunne bruke relevante digitale ressursar i undervisninga.
- Utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving.
Undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling og programvare for tekstbehandling. Emnet er delt i tre delemne som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.
Studentane skal tileigne seg emnet gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som vert lagt i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre. Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Deltaking i digitale læringsmiljø er ein viktig komponent i studiet.
Til kvart hovudemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.
Til kvart hovudemne må studenten:
- skrive to mindre tekster på 1-2 sider
- gje respons til medstudentar
- skrive ei godkjenningstekst, på ca. 1600 ord, til kvart hovudemne, til saman 3 godkjenningstekster. Minst ei av tekstene skal ha eit didaktisk perspektiv. Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.
For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere oppfylte.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- New Norwegian in education, Grades 1-13
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Eksamensoppgåve på 3000 ord (+ - 10 prosent) |
Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk, og tematisere nynorsk i opplæringa.