Semesters
NO122 Nynorsk i opplæringa 2
Ingen
Nynorsk i opplæringa 2 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa. Emnet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk. Studentane skal kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen, utvikle eigenkompetanse i nynorsk, og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori. Nynorsk i opplæringa 2, NO122, har eit kultur- og danningsperspektiv.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:
- Nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadsmetodikk og grammatikkdidaktikk
- Litteratur og litteraturformidling, med vekt på nynorsk barne- og ungdomslitteratur
- Språksituasjonen i Noreg i eit internasjonalt perspektiv
- Studenten skal kunne utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- Leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede ved å bruke nynorsk i opplæringa
- Leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
- Bruke læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekstar på nynorsk
- Studenten skal analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- Bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
- Utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling og programvare for tekstbehandling. Emnet er delt i tre delemne som vil bli introduserte i kvar sin undervisningsmodul fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.
Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, deltaking i læringsplattform og skriftleg refleksjon over fagstoffet. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som vert lagt i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre. Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling.
Til kvart delemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Emnet er delt i 3 delemne og til kvart delemne er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.
Til kvart delemne må studenten:
- skrive to mindre tekster på 1-2 sider
- gje respons til medstudentar
- skrive ei godkjenningstekst, på 1600 ord (+/- 10 %) (til saman 3 godkjenningstekster). Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.
For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere godkjente.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- New Norwegian in education, Grades 1-13
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10 %) |
Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk, og tematisere nynorsk i opplæringa.