Semesters

PPU-PED2 Pedagogikk 2

Course code: 
PPU-PED2
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
PPU-PED1 Professional Teacher Qualification 1
Course content

Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vart teke haust (PPU-PED1) og 15 stp. vert teke vår (PPU-PED2). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jf. eigne emneplanar for dei ulike faga). 

PPU-PED2 består av 15 stp, og bygger på emne PPU-PED1. Innhaldet i dette emnet er strukturert i fire modular :

  • Spesialpedagogikk og inkludering
  • Sosialisering og oppvekst
  • Skolen og samfunnet
  • Læraren som profesjonsutøver

I tillegg til disse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet. Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentene tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

  • har kunnskap om samanhengar mellom sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring
  • har kunnskap om mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader
  • har innsikt i teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring
  • har kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom i utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur 
  • har kunnskap om faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring
  • kjenner sentrale styringsdokument for skolen si verksemd, inklusiv lov og planverk med relevans for skolen
  • har kunnskap om lærerprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringer
  • har kunnskap om forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærerprofesjonen
  • har kunnskap om barn og unge, i vanskelige livssituasjoner , herunder kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot barn og unge, om deira rettigheter i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og om korleis sette i gang nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
  • har inngående kunnskap om sammenhenger mellom samfunnsutvikling, utdanningspolitikk og skolen si rolle i samfunnet
Learning outcome skills

Kandidaten:

  • kan orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterende teori med relevans for lærerprofesjonen  
  • arbeider proaktivt og systematisk med å bygge et inkluderende felleskap som fremjer trivsel og læring for alle
  • kan bygge relasjoner, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket
  • kan identifisere særskilte behov hos barn og unge, inkludert identifisere teikn på vald eller seksuell overgrep. På bakgrunn av faglege vurderinga skal kandidaten kunne etablere samarbeid med aktuelle tverrfaglege og tverretatelege samarbeidspartarar til barnets beste
Learning outcome qualification

Kandidaten:

  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule-, arbeids- og samfunnsliv
  • kan formidle pedagogiske problemstillinger
  • kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og medvirke til utvikling av eigen praksis
  • kan vise og utøve en autonom og profesjonelt holdning i møte med alle elever, foresatte og studenter, og andre samarbeidspartarar

 

Working and learning activities

Mykje av undervisninga går føre seg på campus i Volda. Men det kan og bli brukt digitale plattformer. Studentane må ha tilgjenge eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/ headset og mikrofon.

Arbeidsformene i studiet blir en kombinasjon av forelesninger, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid i plenum, sjølvstudiet og digital dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap blir danna gjennom teoretisk studie, praksis og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studentar sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervisning, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.

Studentane vert organisert i læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppen blir bestemt av emneansvarleg på PPU- PED 2.

Assessment requirements

Frammøte 

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet, dersom ikkje anna er opplyst. Det vises elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga. 

Arbeidskrav 

  • Prosjektplan knytt til utviklingsoppgåve, 1200-1500 ord
  • Munnleg presentasjon av semesteroppgåve  
  • Arbeidskrav knytt til modulen Skulen og samfunnet eller Læraren som profesjonsutøvar

Arbeidskrav som ikkje er knytt til utviklingsoppgåva, kan ha ulike former som td munnleg framlegg i læringsgruppa, nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon som omvendt undervisning. Emneansvarleg skal organisere dette. Det blir lagt opp til at studentane gir tilbakemelding til kvarandre i nokre av arbeidskrava.

Arbeidskrav vert vurdert med godkjent / ikkje godkjent.

For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:

  • Studenten skal vere til stades på minimum 80% av undervisninga
  • Arbeidskrav må vere godkjende
  • PPU-PED1  må vere bestått
  • PPU-PRA 1 og 2 må vere bestått
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Torbjørg Bakke
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Utviklingsoppgåve med problemstilling innanfor det som er innhaldet/modulane i PPU-PED1 og PPU-PED2
Omfang 4000 ord (+/- 10 %)
Oral examination
Individual
40 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Samtale og utspørring om utviklingsoppgåve. I tillegg spørsmål frå PPU-PED2 pensum.
Approval signature: 
Silje Ims Lied