Semesters
PPU-PED2 Pedagogikk 2
Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vart teke haust (PPU-PED1) og 15 stp. vert teke vår (PPU- PED2). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jf. eigne emneplanar for dei ulike faga).
For informasjon om dei andre emna i PPU, sjå studieplanen. lenke til : https://www.hivolda.no/studietilbod/praktisk-pedagogisk-utdanning-allmen...
PPU-PED2 består av 15 stp, og bygger på PPU-PED1. PPU-PED2 (pedagogikk 2) er organisert i fire modular desse er:
- Psykososialt miljø
- Skulen som organisasjon
- Skulen og samfunnet
- Læraren som profesjonsutøvar
I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet.
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- korleis ein skaper eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring.
- kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
- skulen som organisasjon og korleis denne fungerer, utviklast og endrast.
- barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur.
- lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar.
- barn og ungdom i vanskelege situasjonar og om deira rettar til hjelp og oppfølging.
- nasjonalt (og internasjonalt) forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen.
- skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringslaupet.
- faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring.
- lov- og planverk med relevans for skulen.
Studenten skal kunne:
- orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen.
- bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
- arbeide proaktivt og systematisk med å bygge læringsmiljøet.
- bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Studenten kan:
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule-, arbeids- og samfunnsliv.
- bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt.
Mye av undervisninga går føre seg på campus i Volda. Men det kan og bli brukt digitale plattformar.
Arbeidsmåtane i studiet blir ein kombinasjon av forelesningar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og digital dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap blir danna gjennom teoretiske studie, praksis og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervisning, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Ein del av undervisninga kan bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgjenge egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane skal bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg på PPU- PED 2.
Det kan leggast opp til gruppearbeid eller individuelt arbeid mot slutten av kvar modul det studentane samanfattar det sentrale innhaldet i kvar av dei.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, arbeid i grupper, seminar og andre læringsaktivitetar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Prosjektplan knytt til semesteroppgåve. 1500- 2000 ord
- Munnleg presentasjon av semesteroppgåve
Studentane skal ta del i å gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2.
Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegial rettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga.
Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend.
Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen ( Jf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda).
For å kunne gå opp til eksamen må PPU-PRA1 og PPU-PRA2 vere fullført og bestått
- Professional Teacher Qualification
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Semesteroppgåve med problemstilling innanfor det som er innhald / pensum i emnet. | Omfang 4000 ord (+/- 10 %) | ||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |