Semesters
PPU-PED2 Pedagogikk 2
Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning (heiltid) utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vart teke haust (PPU-PED1) og 15 stp. vert teke vår (PPU- PED2). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jf. eigne emneplanar for dei ulike faga).
For informasjon om dei andre emna i PPU, sjå studieplanen. lenke til : https://www.hivolda.no/studietilbod/praktisk-pedagogisk-utdanning-allmen...
PPU-PED2 består av 15 stp, og bygger på PPU-PED1. PPU-PED2 (pedagogikk 2) er organisert i fire modular desse er:
- Skulen som organisasjon
- Sosialisering og oppvekst
- Skulen og samfunnet
- Læraren som profesjonsutøvar
I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet.
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har kunnskap om skulen som organisasjon og korleis denne fungerer, utviklast og endrast.
- har kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster, her under samisk kultur
- har kunnskap om kommunikasjon med foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket
- har kunnskap om overgrep mot barn og unge, om vanskelige livssituasjoner som barn og unge kan komme i, samt kjennskap til aktuelle hjelpeinstanser
- har kunnskap om faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring.
- har inngående kunnskap om sammenhenger mellom samfunnsutvikling, utdanningspolitikk og skolens og lærerens rolle i samfunnet.
- har kunnskap om lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar.
- har bred kunnskap om danning og utdanning i et samfunn basert på demokrati, bærekraftig utvikling, mangfold, likestilling og likeverd.
- har kunnskap om nasjonalt (og internasjonalt) forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen.
- har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringslaupet.
Kandidaten kan:
- utvikle profesjonsfagleg digital kompetanse og bidra til at barn og unge kan gjere seg nytte av digitale ressursar på ein etisk og læringsfremjande måte.
- orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen.
- bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
- kan analysere og drøfte utfordringer i læreplaner og øvrige styringsdokumenter.
- kan planlegge, gjennomføre, vurdere og begrunne undervisning i fag basert på mål for opplæringen, lokale og individuelle behov.
- kan bruke varierte og relevante metoder i undervisningen og tilpasse opplæringen i faget slik at den tar hensyn til elevens ulike læringstempo, interesse for faget og evne til kritisk tenkning.
- kan gi underveis- og sluttvurdering, informere om elevens faglige nivå og utvikling, og gi faglige vurderingsbegrunnelser.
- kan gjennomføre profesjonsrettete, praksisrelevante, selvstendige og avgrensede FoUprosjekter i tråd med forskningsetiske normer.
Kandidaten kan:
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule-, arbeids- og samfunnsliv.
- bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt.
- kan reflektere kristisk over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål.
- kjenne relevante styringsdokument som overordna del av læreplanen.
- kan vise og utøve en autonom og profesjonsetisk holdning i møte med alle elever, foresatte og kolleger, og andre samarbeidspartnarar.
- kan bidra til innovasjonsprosesser og ta ansvar for samarbeid og utviklingsarbeid som fremmer faglig og pedagogisk nyskaping i opplæringen,
Mye av undervisninga går føre seg på campus i Volda. Men det kan og bli brukt digitale plattformar.
Arbeidsmåtane i studiet blir ein kombinasjon av forelesningar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og digital dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap blir danna gjennom teoretiske studie, praksis og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervisning, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Ein del av undervisninga kan bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgjenge eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane skal bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg på PPU- PED 2.
Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegarettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga.
Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, arbeid i grupper, seminar og andre læringsaktivitetar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Prosjektplan knytt til semesteroppgåve. 1200- 1500 ord.
Munnleg digital presentasjon av gitt artikkel fra pensum.
Studentane skal ta del i å gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2.
Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen ( Jf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda).
For å kunne gå opp til eksamen må PPU-PRA1 og PPU-PRA2 vere fullført og bestått
- Professional Teacher Qualification
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Semesteroppgåve med problemstilling innanfor det som er innhaldet/modulane i PPU-PED2 | Omfang 4000 ord (+/- 10 %) | ||
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |