Semesters
PPU125-15 PPU: Fagdidaktikk - Drama/teater, 15 stp
Ingen.
Praktisk-pedagogisk utdanning i drama og teater kvalifiserar studenten for lærararbeid; undervising i drama i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og i folkehøgskulen. Utdanninga kvalifiserar også for faglig/pedagogisk verksemd i td. kulturskuler eller amatørteater. Studiet gir innsikt i og erfaring med ulike undervisningsformer knytt til drama og teater som kunst- og kulturelt uttrykk. Studiet gir også kunnskap om korleis ein kan arbeide med drama/teater i andre fag og korleis barn og unge kan arbeide med kunstnariske prosessar fram til ei framsyning.
PPU er eit praksisbasert og yrkesretta studium, og den nære tilknyttinga til praksisfeltet krever at studenten forpliktar seg til, og tar ansvar både for eigen utvikling og for samarbeid i grupper. Emnet handlar om å gjere seg kjend med grunnlegjande problemstillingar knytt til undervisningsarbeid i drama og teater, slik det kjem til uttrykk i skuleverket sine læreplanar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har:
- har kunnskap om ulike modellar for drama- og teaterformidling som kan gjere teaterkunst tilgjengeleg for eit bredt barne- og ungdomspublikum.
- har kunnskap om teaterfaga si plass og vekt i opplæringa, læreplanutvikling og fagområdet si stilling og potensial for utvikling i opplæringssystemet.
- har kunnskap om drama- og teaterteoretiske teoriar og problemstillingar.
- har kunnskap om utvalde drama- og teaterdidaktiske metoder.
- har kunnskap om ulike vurderingsformer som egner seg i drama og teater
Studenten:
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere undervisingsopplegg med utgangspunkt i læreplanar, og tilpasse undervisinga til elevene sine forutsettingar, interesser og ulike rammefaktorar.
- kan reflektere over fagområdet sine utfordringar både skriftleg og munnleg.
- kan tilretteleggje for arbeid med estetiske læreprosessar knytt til teaterformidling.
- kan vurdere arbeidet elevane gjer.
- kan planleggje, grunngje, tilretteleggje og instruere opplæring som siktar mot sceniske presentasjonar
Studenten
- har innsikt i læreplananalyse og i relevanre faglege og yrkesetiske problemstillingar.
- kan nyttegjere seg rettleiing og grunngje vala sine.
Undervisinga vil ha ulike former som:
- førelesing
- prosjektarbeid
- sjølvstudium
- gruppearbeid
- rettleiing
- skriftleg dokumentasjon vert knytt til både det praktiske og det teoretiske arbeidet.
Frammøtekrav:
- Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%. Frammøte i emnet er også knytt til undervisninga i felles fagdidaktikk.
Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.
Arbeidskrav:
- 3 fagtekstar på omlag 1500 - 2000 ord (to av dei med praktisk arbeid), innlevert til avtalt tid og godkjend.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Kandidaten vel ut to av fagtekstane frå arbeidskrava som skal leverast til vurdering, saman med ein presentasjonstekst (100 ord) der studenten presenterer fagtekstane og arbeidet med dei, og grunngjev valet. | Alle | 4000 ord |