Semesters

PPUD-PED1 Pedagogikk 1

Course code: 
PPUD-PED1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2021 Autumn
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Pedagogikk i praktisk pedagogisk utdanning, deltid går over eitt studeiår med oppstart om hausten. Emnet utgjer 15 studiepoeng.
For infomasjon om dei andre emna i PPU, sjå studieplanen: https://www.hivolda.no/studietilbod/praktisk-pedagogisk-utdanning-allmen...

Emnet er organisert i 4 modular, desse er:    

  • Lærarrolla og klasseleiing
  • Læring og motivasjon  
  • Psykososialt miljø  
  • Skulen som organisasjon 
     

I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet.

Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten har kunnskap om: 

  • Kandidaten har kunnskap om: 
  • teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring.
  • sentrale styringsdokument for skulen si verksemd.
  • har brei kunnskap om leiing av elevar sine læringsprosessar og korleis ein kan fremje sjølvregulert læring  
  • har inngåande kunnskap om kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.  
  • ulike former for vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon.
  • observasjon som metode i pedagogisk arbeid. 
  • korleis ein skaper eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring.
  • kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
  • skulen som organisasjon og korleis denne fungerer, kan utviklast og endrast
  • skulen sitt verdigrunnlag, mandat og styringsdokument for skulen sitt heilskaplege opplæringslaupet. 
Learning outcome skills

Kandidaten kan: 

  • leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø.  
  • planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap . 
  • bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid.  
  • arbeide proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderande fellesskap som fremjar trivsel og læring for alle  
Learning outcome qualification

Kandidaten:

  • kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillinga på høgt nivå    
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i tråd med relevante styringsdokument
  • bygge gode relasjonar med elevane, og skape ein god kultur for læring i elevgruppa 
  • kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte disse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og kan medverke til utvikling og endring av eigen praksis. 
  • analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv.   
Working and learning activities

Emnet ersamlingsbasert og det vil bli brukt digitale plattformar. Samlingane vil bli lagt til Volda, Ålesund og Molde.

Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap blir danna gjennom teoretiske studie, praksis og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.

Ein del av undervisninga vil  bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgjenge egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.

Studentane skal bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg på PPUD-PED1.

Det kan leggast opp til gruppearbeid eller individuelt arbeid mot slutten av kvar modul det studentane samanfattar det sentrale innhaldet i kvar av dei.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav:

  1. Skriftleg refleksjonsoppgåve. Omfang 2000 ord +/- 10%.  

  1. Munnleg presentasjon av fagstoff henta frå PPUD PED1.  

Studentane skal ta del i å gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2.  

Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegial rettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga. 

Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend. 

Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen ( Jf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda).  

Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Hilde Gry Leer-Salvesen
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk. Ved kontinuasjon i berre eine emnet vil eksamenstid vere 2 dagar, og omfang tilsvarande om lag 2000 ord.
Alle.
Inntil 4000 ord
Approval signature: 
Arne Myklebust