Semesters

PPUD-PED1 Pedagogikk 1

Course code: 
PPUD-PED1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Pedagogikk i praktisk pedagogisk utdanning deltid går over eitt studieår med oppstart om hausten. Emnet utgjer 15 studiepoeng.
For infomasjon om dei andre emna i PPU, sjå studieplanen: https://www.hivolda.no/studietilbod/praktisk-pedagogisk-utdanning-allmen...

Emnet er organisert i 4 modular. Desse er:    

  • Lærarrolla og klasseleiing
  • Læring og motivasjon  
  • Psykososialt læringsmiljø
  • Skulen som organisasjon

I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet.

Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten 

  • kjenner sentrale styringsdokument for skulen si verksemd
  • har inngåande kunnskap om korleis leie elevane si læring og fremje sjølvregulert læring
  • kjenner ulike former for vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon
  • kjenner til observasjon som metode i pedagogisk arbeid
  • har kunnskap om korleis ein skaper eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring
  • har god kjennskap til skulen som organisasjon, korleis skulen fungerer, kan utviklast og endrast
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
  • brukar og viser til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid
  • kan leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø
  • kan arbeide proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderande fellesskap som fremjar trivsel og læring for alle
  • kan bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elever, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit høgt nivå og har kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking
  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning i tråd med relevante styringsdokument
  • kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte disse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og kan medverke til utvikling og endring av eigen praksis
  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • kan bygge gode relasjonar med elevane, og skape ein god kultur for læring i elevgruppa, samt identifisere særskilde behov 
Working and learning activities

PPU deltid er er eit nett- og samlingsbasert studium som går over fire semester. Samlingane er i Volda, Ålesund og Molde. 

Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse blir danna gjennom både teoretiske studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.

Studentane må ha tilgang til utsyr for å delta i digital undervisning, PC med nettilgang samt kamera, mikrofon og høgtalar. Studentane blir organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg på PPUD-PED1.

Assessment requirements
  • Studenten skal vere til stades på minimum 80% av undervisninga.
  • Alle arbeidskrav må vere godkjende.
  • Vilkår for å fremstille seg til eksamen i fagdidaktikkemne 1 må være oppfylt.

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga.  

Arbeidskrav:

  • Skriftleg refleksjonsoppgåve. Omfang 2000 ord +/- 10%.  

  • Munnleg presentasjon av fagstoff henta frå PPUD PED1.  Studentane skal gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2.  

Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend. 

Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen.

Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Hilde Gry Leer-Salvesen
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
3 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Eksamen består av to delar, der ein del er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk, og ein del grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk.
Alle.
Inntil 4000 ord.
Approval signature: 
Arne Myklebust