Semesters
PPUD-PED1 Pedagogikk 1
Pedagogikk i praktisk pedagogisk utdanning deltid går over eitt studieår med oppstart om hausten. Emnet utgjer 15 studiepoeng.
For infomasjon om dei andre emna i PPU, sjå studieplanen: https://www.hivolda.no/studietilbod/praktisk-pedagogisk-utdanning-allmen...
Emnet er organisert i 4 modular. Desse er:
- Lærarrolla og klasseleiing
- Læring og motivasjon
- Spesialpedagogikk og inkludering
- Psykososialt miljø
I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet.
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om:
- sentrale styringsdokument for skulen si verksemd.
- leiing av elevar sine læringsprosessar og korleis ein kan fremje sjølvregulert læring.
- kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
- ulike former for vurdering og samspelet mellom tilbakemelding og motivasjon.
- samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring.
- mangfaldet i elevgruppa sine lære-og utviklingsføresetnader.
- observasjon som metode i pedagogisk arbeid.
- korleis ein skaper eit godt psykososialt miljø i skulen, og kvifor dette er viktig for læring.
Kandidaten kan:
- planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid.
- leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive, meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø.
- arbeide proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderande fellesskap som fremjar trivsel og læring for alle.
- bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elever, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
Kandidaten kan:
- formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på høgt nivå og har kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking.
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i tråd med relevante styringsdokument.
- reise problemstillingar, undersøke og drøfte disse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og kan medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv.
- bygge gode relasjonar med elevane, og skape ein god kultur for læring i elevgruppa.
Emnet er samlingsbasert og det vil bli brukt digitale plattformar. Samlingane vil bli lagt til Volda, Ålesund og Molde.
Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap blir danna gjennom teoretiske studie, praksis og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Ein del av undervisninga vil bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgjengeleg egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane blir organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg på PPUD-PED1.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
Skriftleg refleksjonsoppgåve. Omfang 2000 ord +/- 10%.
Munnleg presentasjon av fagstoff henta frå PPUD PED1.
Studentane skal ta del i å gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2.
Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegial rettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga.
Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend.
Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen ( Jf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda).
- Professional Teacher Qualification
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Eksamen består av to delar, del A og del B. Del A er grunnlag for karaktersetjing i pedagogikk, og del B er grunnlag for karaktersetjing i didaktikk. Ved kontinuasjon i berre eine emnet vil eksamenstid vere 2 dagar, og omfang tilsvarande om lag 2000 ord. | Alle. | Inntil 4000 ord. |