Semesters
PROG1-510KFK Introduksjon til programmering for lærarar 1, 5.-10 trinn
Ingen
I emnet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Emnet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.
Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med visuell- og tekstbasert programmering. Programmeringa går føre seg på nettbrett eller PC, og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i samfunnet
- har forståing for programmering og algoritmisk tenking si rolle i skulen
- har grunnleggjande forståing for algoritmar
- vise forståing for og kunne kombinere grunnleggande element i visuell programmering
- gjere greie for programmering som prosess
- gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering
Studenten skal kunne
- utforme algoritmar og pseudokode
- utvikle program med ved hjelp av visuell programmering
- utvikle enklere program ved hjelp av tekstprogrammering
- kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
- vurdere elevarbeid som inkluderer programmering
Studenten skal kunne
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
- bidra til å utvikle programmering i skulen som er fagleg grunngjeven
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling.
Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.
Frammøtekrav:
Ingen
Arbeidskrav:
- Studenten skal gjennomføre eit programmeringsprosjekt og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.
- Studenten skal gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid som inkluderer programmering og dokumentere prosessen og resultatet gjennom ei innlevering. Prosessen med utviklingsarbeidet vil bestå av fleire steg, definert i semesterplanen.
- Programming for teachers, 5th-10th grade - Competence for quality
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | Pass / fail | 100 | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld dei to obligatoriske mappeoppgåvene frå semesteret. | Alle |