Semesters
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
REL212 Sjølvstendig arbeid
Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, etikk og livssynsfaglege emne (t.d. REL111, REL112, REL113 og REL116) eller tilsvarande.I tillegg må studenten ta eitt valfritt emne på fordjupningsnivå anten før eller parallelt med REL212.
Formålet med dette emnet er å gje studenten trening i å arbeide med ei større skriftleg oppgåve. Studenten skal fordjupe seg i eit tema, arbeide med ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur. Oppgåva skal knytast til eitt av dei teoretiske 200-emna studenten har valt i fordjupinga. Oppgåva skal oppfylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Temaet skal vere fastsett i samarbeid med ein oppnemnd rettleiar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
- ha spesialisert kunnskap om eit avgrensa område
- ha ferdigheiter i fagleg skriving
- ha ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kunne reflektere over eiga fagleg handsaming og justere denne under rettleiing
- kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kunne beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- ha ferdigheiter i dei ulike stega i skriveprosessen fram mot eit ferdig produkt
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle uttrykksformer
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Det blir gjeve eit kort innføringskurs i oppgåveskriving og seminardeltaking på Fronter. Studenten får tildelt ein rettleiar. Omfanget av rettleiinga er avgrensa til tre –3– konsultasjonar. Det blir arrangert to obligatoriske oppgåveseminar. På desse seminara skal studenten leggja fram utkast til eige arbeid, og vera kritikar til eit utkast av ein medstudent.
Godkjent deltaking på begge oppgåveseminar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Religious studies - specialization
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. | Alle | 8000-10000 ord |