Semesters

REL212 Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn

Course code: 
REL212
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk (t.d. REL111, REL112, REL113 og REL116) eller tilsvarande. I tillegg må studenten ta eitt valfritt emne på fordjupningsnivå anten før eller parallelt med REL212.

Course content

Formålet med emnet er å gje studenten trening i å arbeide med ei større skriftleg oppgåve. Studenten skal fordjupe seg i eit tema, arbeide med ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur. Oppgåva skal som hovudregel knytast til eitt av dei teoretiske 200-emna. Oppgåva skal oppfylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Temaet skal vere fastsett i samarbeid med ein oppnemnd rettleiar. Til oppgåva skal studenten ha sjølvvalt litteratur på omlag 1000 sider.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge
  • kjenne til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
  • ha spesialisert kunnskap om eit avgrensa område
Learning outcome skills
  • ha ferdigheiter i fagleg skriving
  • ha ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
  • kunne reflektere over eiga fagleg handsaming og justere denne under rettleiing
  • kunne finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
  • kunne beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
  • ha ferdigheiter i dei ulike stega i skriveprosessen fram mot eit ferdig produkt
Learning outcome qualification
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle uttrykksformer
  • kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Working and learning activities

Det blir gjeve eit kort innføringskurs i oppgåveskriving og seminardeltaking i Canvas. Studenten får tildelt ein rettleiar. Omfanget av rettleiinga er avgrensa til tre –3– konsultasjonar. Det blir arrangert to obligatoriske oppgåveseminar. På desse seminara skal studenten leggje fram utkast til eige arbeid, og vere kritikar til eit utkast av ein medstudent.

Assessment requirements

Godkjent deltaking på begge oppgåveseminar.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Knut-Willy Sæther
Used in other programs
  • Religious studies - specialization
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Digital eksamen.
Alle.
8000 - 10000 ord.