Semesters
- 2024 Spring
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Spring
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Spring
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
REL212 Fordjupingsoppgåve i religion og livssyn
Grunnstudium (60 eller 50 studiepoeng på 100-nivå) i religion, livssyn og etikk eller tilsvarande. I tillegg må studenten ta eitt valfritt emne på fordjupningsnivå anten før eller parallelt med REL212.
Formålet med emnet er å gje studenten trening i å arbeide med ei større skriftleg oppgåve. Studenten skal fordjupe seg i eit tema, arbeide med ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur. Oppgåva skal som hovudregel knytast til eitt av 100 eller 200-emna. Oppgåva skal oppfylle formelle reglar til utforming (litteraturtilvisingar/noteapparat, innleiing, konklusjon m.v.) som blir gjevne i eigen instruks. Temaet skal vere fastsett i samarbeid med ein oppnemnd rettleiar. Til oppgåva skal studenten ha sjølvvalt litteratur på omlag 1000 sider.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor faget
- har spesialisert kunnskap om eit avgrensa område
Studenten
- har ferdigheiter i fagleg skriving
- har ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kan reflektere over eiga fagleg utvikling
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- har ferdigheiter i dei ulike stega i skriveprosessen fram mot eit ferdig produkt
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre aktuelle uttrykksformer
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
Det blir gjeve eit kurs i oppgåveskriving og seminardeltaking. Studenten får tildelt ein rettleiar. Det blir arrangert to obligatoriske oppgåveseminar der kvar student skal leggje fram eit utkast av sitt eige arbeid, og der ho/han også skal vere kritikar til eit utkast av ein medstudent.
Godkjent deltaking på begge oppgåveseminara.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Religious studies - specialization
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. | Alle. | Individuell semesteroppgåve på 8000-10000 ord. |