Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen
Ingen
I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt, og kva for konsekvensar har rusmiddelbruk for den enkelte, for pårørande, for arbeidslivet og for samfunnet som heilskap?
Kurset har tre temaområde:
Tema 1) Ulike perspektiv på bruk og avhengigheit av rusmiddel
- Avhengigheit som fenomen
- Rusmiddelbruk og marginalisering
- Bruk av rusmiddel i historisk perspektiv
- Sosiale og kulturelle funksjonar ved rusmiddelbruk
Tema 2) Bruk av rusmiddel i familie- og kjønnsperspektiv
- Kvinner og menn sin bruk av rusmiddel, kjønnsskilnader
- Born i familiar der det er rusmiddelproblematikk
- Ungdom sin bruk av rusmiddel
Tema 3) Rus og samfunn
- Ruspolitiske føringar, politikkutforming og rettsreglar
- Rus og arbeidsliv
- Rus, vald og kriminalitet
- Rus og sjølvmord
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer. Kommunikasjonen mellom studentane innbyrdes og i høve til høgskulen vil for det meste skje ved hjelp av e-læringsverktøyet Fronter.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om viktige trekk ved rusmiddelbruken til ulike grupper i Noreg i dag, og om ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på.
Emnet har utvikla studenten sin kompetanse til å forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen.
Emnet bidreg til å utvikle studenten si evne til å reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som han møter i yrkessamanheng.
Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire underviningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag. Samingane hausten 2016 er i veke 34, 39 og 45.
Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart.
Det er krav om minst 80 % frammøte på samlingane.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
- Addiction as a Cultural and Social Phenomenon
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Alle. | 4000 ord (+/-10%) | |
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Digital eksamen. | Ingen. |