Semesters

RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen

Course code: 
RUS301
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt, korleis kan ein førebyggje problematisk rusmiddelbruk og kva konsekvensar har rusmiddelbruk for den enkelte, for pårørande, for arbeidslivet og for samfunnet som heilskap?

Emnet har tre temaområde: 

Tema 1) Ulike perspektiv på bruk og avhengigheit av rusmiddel

  • Avhengigheit som fenomen
  • Rusmiddelbruk og marginalisering  
  • Sosiale og kulturelle funksjonar ved rusmiddelbruk

Tema 2) Bruk av rusmiddel i familie- og kjønnsperspektiv

  • Bruk av rusmiddel i ulike livsfasar 
  • Born i familiar der det er rusmiddelproblematikk
  • Betydinga av kjønn for rusmiddelbruk

Tema 3) Rus og samfunn

  • Ruspolitiske føringar, politikkutforming og rettsreglar
  • Førebygging
  • Rus og arbeidsliv
  • Rus og sjølvmord
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha inngåande kunnskap om  

  • viktige trekk ved rusmiddelbruken i ulike grupper i Noreg
  • ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på
  • rusførebyggande tiltak på overordna nivå og kjennskap til ulike former for rusførebyggande arbeid
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • hente inn, analysere og presentere samfunnsvitskapleg og psykologisk forsking og teoriar om rusmiddelbruk, rusåtferd og rusmiddelproblem
  • forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen
  • kritisk vurdere ruspolitiske føringar og førebyggande tiltak 
Learning outcome qualification

Studenten skal i inngåande grad kunne

  • analysere og reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som han eller ho møter i yrkessamanheng
  • analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i møte med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Working and learning activities

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar på kvar samling. Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart.

Samling 1: Veke 35

Samling 2: Veke 40 

Samling 3: Veke 45

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Det er forventa at studentane møter og bidreg aktivt på samlingane. På andre samling må studentane møte fysisk for å kunne gjennomføre arbeidskravet artikkelseminar. 

Vi nyttar læringsverktyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.

Noko av undervisninga kan skje digitalt (t.d. via Zoom), og i slike situasjonar må studentane forvente å måtte ha kamera og lyd slått på. Dette er nødvendig for å få til det samspelet og dialogane som studiet er bygt på, og såleis sikre at ein når kompetansemåla om å kunne reflektere kritisk over ulike forståingar ein møter i yrkessamanheng, og over eiga rolle som profesjonell. Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt på zoom. Behovet må grunngjevast. Dette er i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e). 

Assessment requirements

Arbeidskrav: Førebuing til og gjennomføring av artikkelseminar. Studentane skal arbeide i grupper med å førebu og gjennomføre ein munnleg presentasjon av ein eller fleire artiklar frå pensum. Dette krev fysisk oppmøte på andre samling.

Detaljane i arbeidskravet blir gjort nærare greie for i eit eige notat, som blir publisert i Canvas ved studiestart.

    Evaluation system
    Minimum number of students: 
    15
    Maximum number of students: 
    35
    Person in charge: 
    Silje Louise Dahl
    Kristine Vaadal
    Used in other programs
    • Health and Social Sciences - master
    • Health and Social Sciences - master
    • Planning and Leadership - master
    • Planning and Leadership - master (part time)
    VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
    Home exam
    Individual
    3 Days
    A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
    100
    Alle.
    Minimum 2000 ord - maksimum 3000 ord
    Approval signature: 
    Randi Bergem 03.03.2022