Semesters
SABVP131 Klientretta praksisstudium
SABVP111/SAF111, SABVP112/SAF112, SABVP121/SAF121, SABVP122/SAF122, SABVP125
Dette er einaste emnet med klientretta praksisstudium. Gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester skal studentane vidareutvikle sin kompetanse. Dei skal relatere dei teoretiske kunnskapane frå studiet til praktisk sosialt arbeid. Gjennom refleksjon og analyse skal studentane sjå samanheng mellom situasjonar, rammer og arbeidsmåtar i sosialt arbeid.
Innhald:
- førebuingsseminar til praksisstudium
- eksternt rettleia praksisstudium ved relevant praksisplass
- refleksjonsseminar etter avslutta praksisstudium
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- ha grunnleggande kunnskap om kommunikasjon og samhandling
- forstå strukturelle og kulturelle vilkår for yrkesutøving
- sjå relevante yrkesfaglege problemstillingar
- oppdage og beskrive etiske problemstillingar
- knyte eigen kunnskap til yrkesfaglege utfordringar
- vite korleis tverrprofesjonelt samarbeid kan nyttast i sosialt arbeid
- vidareutvikle generell kompetanse innan yrkesutøving
- relatere teoretisk kunnskap frå studiet til praktisk sosialt arbeid
- trene på kunnskapsbasert yrkesutøving
- vurdere etiske problemstillingar og handle deretter
- legge til rette for god kommunikasjon
- sjå eigen kompetanse i relasjon til andre profesjoners kompetanse
- bruke erfaringar frå utøving i praksisfeltet til etisk refleksjon og sjølvrefleksjon
- forståing for verdien av eigen personleg og fagleg vidareutvikling
- refleksjon over eigen kommunikasjonsevne og samarbeidsevne
- vere bevisst eigne haldningar i møte med andre
- vere bevisst eiga rolle og veremåte
Klientretta praksisstudium er hovudsakleg i 5. semester. Emnet strekkjer seg over 17 veker; om lag 2 veker førebuing ved høgskulen, 14 veker opphald ved praksisplass og om lag 1 veke etterarbeid ved høgskulen.
Førelesingar, seminar, opphald ved ekstern praksisplass og arbeid med fagtekster.
Deltakinga vert rekna for heile emnet med unntak av deltaking på praksisførebuingsseminar og refleksjonsseminar, der deltakinga vert rekna kvar for seg. I tillegg gjeld særskilte retningsliner om fråver i praksisopphaldet. Nærare retningsliner vil gå fram av semesterplanen.
Alle arbeidskrav i SABVP131 må vere godkjende for å få starte på SABVP235.
- Praksisoppgåve, om lag 2500 ord
- Praksisgjennomføring, jf. Retningsliner for prosjekt- og klientpraksis § 7
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.
Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsopplegg.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 14 Weeks | Pass / fail | Praksisgjennomføring: Instituttet godkjenner/godkjenner ikkje etter tilråding frå ekstern rettleiar og kontaktlærar. | |||
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Praksisoppgåve (2500 ord) og Rapport etter klientretta praksisstudium (2500 ord). |