Semesters
SABVP131 Klientretta praksisstudium
SABVP111, SABVP112, SABVP121, SABVP122 og SABVP125
Gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester skal studentane vidareutvikle sin kompetanse. Dei skal relatere dei teoretiske kunnskapane frå studiet til praktisk sosialt arbeid. Gjennom refleksjon og analyse skal studentane sjå samanheng mellom situasjonar, rammer og arbeidsmåtar i sosialt arbeid.
INNHALD
- førebuingsseminar til praksisstudium
- eksternt rettleia praksisstudium ved relevant praksisplass
- refleksjonsseminar etter avslutta praksisstudium
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- kommunikasjon og samhandling
- strukturelle og kulturelle vilkår for yrkesutøving
- korleis relevante yrkesfaglege problemstillingar kjem til uttrykk
- korleis etiske problemstillingar kan arte seg og handterast
- korleis eigen kunnskap står i relasjon til og kan nyttast i yrkesfaglege utfordringar
- korleis tverrprofesjonelt samarbeid kan nyttast i sosialt arbeid
Studenten skal ha ferdigheiter i:
- generell yrkesutøving
- å ta i bruk teoretisk kunnskap frå studiet til praktisk sosialt arbeid
- å vurdere etiske problemstillingar og ta omsyn til desse i handling
- å leggje til rette for god kommunikasjon med og gode praktiske løysingar for brukarar
- å vurdere eigen kompetanse i relasjon til andre profesjonars kompetanse
- å bruke loggføring for å stimulere til kritisk refleksjon over yrkesutøving
Studenten skal ha generell kompetanse og kunne:
- bruke erfaringar frå utøving i praksisfeltet til etisk refleksjon og sjølvrefleksjon
- reflektere over eigne kommunikasjons- og samarbeidsevner
- ta ansvar for si eiga personlege og faglege vidareutvikling
- vere bevisst eigne haldningar, roller og veremåtar i møte med andre
- vise evne til kunnskapsbasert yrkesutøving
Klientretta praksisstudium er i femte semester. Emnet strekkjer seg over 17 veker; om lag to veker førebuing ved høgskulen, 14 veker opphald ved praksisplass og om lag ei veke etterarbeid ved høgskulen.
I tillegg til rettleia praksisstudier ved eksterne institusjonar er emnet organisert med førelesingar, seminar, praksisretta gruppeaktivitet og samtaleøving. Undervisninga er organisert felles for barnevernspedagog- og sosionomstudiet.
Sjå "Retningsline for klientretta praksisstudium ved Bachelor i sosialt arbeid (barnevernspedagog og sosionom)" om frammøtekrava i praksisopphaldet.
Arbeidskrav - må vere innleverte og godkjende til fastsett tid.
1. Gruppearbeidskrav - skikkaheit 400-600 ord
2. Gruppearbeidskrav - etikk 400-600 ord
3. Gruppearbeidskrav - profesjonelle samtalar 400-600 ord
4. Gruppearbeidskrav - teieplikt 400-600 ord
5. Førebuingsnotat
6. Praksisavtale
7. Individuell skriftleg oppgåve 2500 ord +/- 10%
8. Sjølvvalt pensum 500 sider +/- 5%
9. Praksisgjennomføring, jf. Retningsline for klientretta praksisstudium
Obligatorisk deltaking:
Seminar for refleksjonar etter praksisstudiet
Det er krav om 80 % deltaking på refleksjonsseminaret etter praksisstudiet jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Social work, Child Welfare Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 14 Weeks | Pass / fail | Praksisgjennomføring: Instituttet godkjenner/godkjenner ikkje etter tilråding frå ekstern rettleiar og kontaktlærar. | |||
Oppgave | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Praksisoppgåve | Oppgåve 4000 ord |