Semesters
SABVP131 Klientretta praksisstudium
SABVP111, SABVP112, SABVP121, SABVP122 og SABVP125.
Dette er einaste emnet med klientretta praksisstudium. Gjennom direkte kontakt med yrkesfeltet og brukarar av sosialfaglege tenester skal studentane vidareutvikle sin kompetanse. Dei skal relatere dei teoretiske kunnskapane frå studiet til praktisk sosialt arbeid. Gjennom refleksjon og analyse skal studentane sjå samanheng mellom situasjonar, rammer og arbeidsmåtar i sosialt arbeid.
Innhald:
- førebuingsseminar til praksisstudium
- eksternt rettleia praksisstudium ved relevant praksisplass
- refleksjonsseminar etter avslutta praksisstudium
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fulført emne:
Studenten skal:
- ha kunnskap om kommunikasjon og samhandling
- forstå strukturelle og kulturelle vilkår for yrkesutøving
- kunne sjå relevante yrkesfaglege problemstillingar
- kunne oppdage og beskrive etiske problemstillingar
- kunne knyte eigen kunnskap til yrkesfaglege utfordringar
- vite korleis tverrprofesjonelt samarbeid kan nyttast i sosialt arbeid
Studenten skal kunne :
- vise generell kompetanse innan yrkesutøving
- relatere teoretisk kunnskap frå studiet til praktisk sosialt arbeid
- vurdere etiske problemstillingar og handle deretter
- legge til rette for god kommunikasjon
- sjå eigen kompetanse i relasjon til andre profesjoners kompetanse
Studenten skal:
- kunne bruke erfaringar frå utøving i praksisfeltet til etisk refleksjon og sjølvrefleksjon
- vise forståing for verdien av eigen personleg og fagleg vidareutvikling
- vise refleksjon over eigen kommunikasjonsevne og samarbeidsevne
- vere bevisst eigne haldningar i møte med andre
- vere bevisst eiga rolle og veremåte
- vise evne til kunnskapsbasert yrkesutøving
Klientretta praksisstudium er hovudsakleg i 5. semester. Emnet strekkjer seg over 17 veker; om lag 2 veker førebuing ved høgskulen, 14 veker opphald ved praksisplass og om lag 1 veke etterarbeid ved høgskulen.
Førelesingar, seminar, opphald ved ekstern praksisplass og arbeid med fagtekster.
Sjå "Retningsliner for prosjekt - og klientpraksis" om frammøtekrava i praksisopphaldet.
- Arbeidskrav:
- Godkjend praksisoppgåve
- Praksisgjennomføring, jf. Retningsliner for prosjekt- og klientpraksis § 7
- Obligatorisk deltaking:
- Deltaking på praksisførebuingsseminar
- Deltaking på refleksjonsseminar etter praksisopphaldet
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har eit eige evalueringsopplegg.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 14 Weeks | Pass / fail | Praksisgjennomføring: Instituttet godkjenner/godkjenner ikkje etter tilråding frå ekstern rettleiar og kontaktlærar. | |||
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Praksisoppgåve (2500 ord) og Rapport etter klientretta praksisstudium (2500 ord). |